Tilbake til alle arrangementer

Morgonmøte: Inkluderande rekruttering

  • Region Nordhordland Helsehus 40 Kvassnesvegen Isdalstø, Vestland, 5914 Norway (kart)

Bedrifter manglar arbeidskraft. Samtidig er det cirka 6000 personar i Nordhordland som står utanfor arbeidslivet. Den beste kandidaten er ofte vanskeleg å finne, men mange kan bli gode nok om dei får sleppe til.

Saman med NAV Nordhordland og Region Nordhordland arrangerer vi morgonmøte 14. november med fokus på korleis du som arbeidsgivar kan rekruttere gjennom å inkludere. Her får du vite meir om kva NAV kan bidra med i form av oppfølging og økonomisk støtte, og vi får eksempel frå bedrifter som har gode erfaringar.

Program:

08.15-08.30: Kaffe og prat

08.30-08.40: Velkommen ved ordførar i Alver Sara H. Sekkingstad

08.40-08.50: Nordhordland Næringslag v/ dagleg leiar Beate S. Korsøen

08.50-09.50: Korleis jobbe med integrering. Gode eksempel frå bedrifter v/ NAV Alver

09.50-10.00: Spørsmål og avslutning

Meld deg på her

Arr.: NAV, Nordhordland Næringslag og Region Nordhordland IKS

Tidligere arrangement: 8. november
Ledernettverket Tryggare styring
Senere arrangement: 22. november
Yrkes- og utdanningsmessa