Tilbake til alle arrangementer

Frukostmøte: Økonomisk støtte til di bedrift?

Det finst ei rekke nyttige støtteordningar for næringslivet, men det kan vere vanskeleg å finne fram til riktig ordning.

Kom på frukostmøte 23. mars og få oversikt over kor du kan hente hjelp og støtte frå dei lokale hjelparane. I tillegg får du gode tips og erfaringar frå bedrifter som har fått støtte.


program:

  • Tore Andre Sines frå Industriutvikling Vest fortel om ulike moglegheiter for å hente hjelp og støtte til ditt prosjekt og verksemda di

  • Veronica Haveland frå Klar Bedrift gir deg oversikt over støtteordningar til tilskot, kompetanse og nettverk for verksemda di

  • Kate Bentzen frå Alver kommune informerer om næringsfondet og den gode søknaden

  • Alexander Skjelbred Irgens som er trainee på forsking, kompetanse og internasjonalisering i Vestland fylkeskommune bidrar med informasjon om Regionalt Forskingsfond/Forregion Vestland, og BIO-midlar

Erfaringar frå bedrifter:

  • Thomas Rikstad frå Rikstad Bigård fortel om sine erfaringar med å søke støtte og midlar.

  • Kenneth Sjo Samuelsen frå Mongstad TavleTeknikk snakkar om korleis støtta frå næringsfondet har sikra framdrift i utviklingsarbeidet med prototypar. MTT utviklar nye bærekraftige løysingar for levetidsforlengelse og oppgradering av elektriske tavlesystem. Utviklingsprosjektet gjev MTT ny marknadstilgang og har allereie resultert i nye kontraktar for over 20 MNOK.

  • Vidar Grindheim frå Mundal Båt AS fortel om korleis ein god søknad kan gi stor utteljing. Nyleg landa Mundal Båt kontrakt på eit nytt miljøfartøy til 50 millionar. Dette fartøyet er det første i sitt slag og er støtta både frå Enova og Innovasjon Norge. I 2021 fekk dei kr 400 000 frå næringsfondet i Alver, noko som var heilt avgjerande for gjennomføring av prosjektet.

  • Dei som vil kan få prøve 3D-briller for å gå rundt i fartøyet, sjå seg rundt på dekk, i rorhus og kaimiljø. I tillegg kan dei som er litt ekstra tøffe få kjenne litt på høgdeskrekken i toppen av ei mast i Nordishavet på eit fartøy Maritime Engineering jobbar med :)


Tid: Torsdag 23. mars kl 08.30-10.00

(Frukost frå kl 08.00)

Stad: Dampen, Hagellia 6, Knarvik


Har du spørsmål? Alle arrangørane er tilgjengeleg etter kl 10.00 - vi tar gjerne ein prat med deg!


Arrangørar: Alver kommune, Industriutvikling Vest, Klar Bedrift, Karriere Vestland, NAV og Nordhordland Næringslag

Tidligere arrangement: 16. februar
Hva skjer i Knarvik?