Tilbake til alle arrangementer

Plan- og byggesakskonferansen

  • Region Nordhordland Helsehus 40 Kvassnesvegen Isdalstø, Vestland, 5914 Norway (kart)

Nordhordland Digitalt og Nordhordland Næringslag har gleda av å ynskje deg velkommen til den årlege plan- og byggesakskonferansen i Nordhordland. Dette arrangementet er ei unik moglegheit for lokale utbyggjarar og kommunale sakshandsamarar til å samlast for ein uformell prat og fagleg påfyll.


I år rettar konferansen fokus mot viktige og samfunnsaktuelle tema, som naturvern, klimaendringar og bustadmiljø.

Det er ingen tvil om at både kommunane og utbyggjarar vert påverka av den stadig aukande forskinga som tydeleg viser samanheng mellom nedbygging av natur og klimaendringane. Me er heldige å ha biolog Kristine Birkeli frå Universitetet i Bergen til å opne konferansen med ein presentasjon om dette samspelet. Vidare vil Aksel Mjøs, leiaren av Naturrisikoutvalet, dele med oss korleis me på best måte kan analysere og handtere naturrisiko i dagens samfunn.

Stadig strengare krav til bevaring av naturen krev ein gjennomgang av korleis me byggjer og bur her i Nordhordland. Eplehagen Mikrohuslandsby i Luster representerer eit lysande eksempel på eit bustadprosjekt som tek desse utfordringane på alvor, og me ser fram til å høyre meir om dette prosjektet.

Dette er berre nokre få av aktørane som vil bidra på årets konferanse.

Meld deg på og bli med på ein sosial og lærerik dag saman med gode kollegaer og samarbeidspartnarar!


Program


DEL 1: NATUR OG KLIMA

Møteleiar Lars Fjeldstad, ordførar Osterøy kommune og leiar i Regionrådet

Velkommen v/ Lars Fjeldstad, leiar i Regionrådet

Naturtap og klimaendring går hand i hand v/ biolog Kristine Birkeli, Universitetet i Bergen

Husbanken v/ Bjarte Bøe Alrek

I samspel med naturen v/ Aksel Mjøs, førsteamanuensis og instituttleiar ved Norges Handelshøyskole

11.30-12.15: Varm lunsj

DEL 2: GODE BUSTADMILJØ

Møteleiar May-Lynn Osland, ordførar Gulen kommune

Eplehagen mikrohuslandsby i Luster v/ Norske Mikrohus

Kva typer bustadar vil folk ha i Nordhordland? v/ Ørjan Trædal, Privatmegleren Nordhordland


DEL 3: AKTUELLE NYHEITER

Møteleiar May-Lynn Osland, ordførar Gulen kommune

Massehandtering av reine jord- og torvmassar v/ Alver kommune

Nordhordlandskart- bruk og funksjonalitet for utbyggar v/ Tommy Veland, Alver kommune

Nytt regelverk for overvatn og innmåling av teknisk infrastruktur v/ Kjell Reigstad, Gulen kommune

Erfaringsdeling - samarbeid mellom utbyggjarbransjen og Alver kommune v/ Egil Sagstad, dagleg leiar i Reknes Byggjevarer LL / leiar av bransjegruppe Handverk i Nordhordland Næringslag


15. mai kl. 09.00-15.00 (OPPMØTE FRå KL. 08.30)

REGION NORDHORDLAND HELSEHUS, 6.ETASJE

pRIS: kR 500,-

Påmeldingsfrist: Fredag 10. mai

 

Arrangørar: Nordhordland Digitalt/Region Nordhordland og Nordhordland Næringslag

Tidligere arrangement: 14. mai
Morgonmøte: Livsfasepolitikk og arbeidsliv
Senere arrangement: 22. mai
Ledernettverket Tryggare styring