Plan for sjøareal er vedtatt

Det interkommunale planutvalet (IKPU) tilrår at kommunestyra vedtek planen for sjøareal.

IKPU har no gjennomført prosessen etter det mandatet dei fekk av kommunestyra og har utarbeida eit forslag til arealplan for sjøareala som dei tilrår kommunestyra å vedta. Kommunestyra skal vedta arealplanen for sin kommune, men den bygger på ein samordna plan i regionen. Planen har felles føresegn, planskildring, konsekvensutgreiing og kunnskapsgrunnlag.

Planen har vore ut på tre høyringar. IKPU meiner at den planen som no vert lagt fram for kommunestyra til vedtak bygger på ein grundig prosess og det er viktig at planen no vert vedteke slik at dei endringane som planen legg til rette for kan realiserast.  

Vår bransjegruppe for havbruk har deltatt i prosessen og kome med fleire innspel på vegne av næringa.

Tre konkrete areal har vore til mekling hos Statsforvaltaren. To av areala fann ei løysing, mens eitt vart ikkje løyst. Det gjeld ønskje om eit område - aust/sør på Fedje - Hjeltevarden til akvakultur. Arealet vil ha uavklart rettsverknad til saka er endeleg avgjort. 

Her kan du lese dokumenta:

Vedteken plan for sjøareal - Region Nordhordland