Regjeringa må snu i tide!

I ei tid med stor uvisse har regjeringa vald å gjere uvissa større gjennom eit omfattande angrep på lønnsamt norsk eigarskap. Framlegget om auka grunnrenteskatt, auka produksjonsavgift, auka formuesskatt og naturressursskatt vert opplevd som eit angrep på distriktsnæringar og norsk eigarskap. Med eit pennestrok er optimisme og framtidstru snudd til uro i rådhus og lokalsamfunn langs heile kysten.

 

Stigande renter, inflasjon og høge energiprisar vert møtt med endå høgare kostnadar gjennom grunnrenteskatt på havbruk.

Berekraftig utvikling vert sett i fare. Denne skattebelastninga er óg til hinder for innovasjon og nyskaping i næringa - ikkje minst knytt til å løyse berekraftsutfordringar. Fishglobe har til dømes utvikla heilt lukka anlegg som skal stå i sjøen. Desse er klare for marknaden, men sist veke trekte Grieg Seafood seg som investor, med skattesjokket som grunngjeving. Vi ser no fleire slike døme på avlyste investeringar.

Utviklinga av ei norsk suksessnæring er truga når overskotsskatten vert auka med 40 prosentpoeng og nær tredobla over natta. Dette kjem på toppen av auka produksjonsavgift, auka formuesskatt, auka formuesskattegrunnlag og naturressursskatt.

Planlagde investeringar vert stogga. Vi ser no både at slakteriprosjekt vert stogga og kjøpt vekst levert tilbake.

Dette skjer medan skattekommisjonen arbeider og før framlegga frå denne er fremja.

Da grunnrenteskatten nyleg vart avvist av eit stort fleirtal på Stortinget, var det eit kompromiss å innføre ei produksjonsavgift. Noko av grunngjevinga var óg at ein i dag betalar grunnrente på forskot gjennom auksjonane på havbruksløyve. No kjem grunnrenteskatt på toppen av eit skatteregime som frå før er svært høgt for sektoren.

Framlegget inneber heilt klart ei vriding av ressursar frå kysten og distrikta til sentrale strok.

Den auka skatten og manglande frådrag vil vesentleg redusere kva det vil vere mogleg å betale i vederlag for nye konsesjonar. Dette vil gå direkte ut over kommunane, gjennom reduserte inntekter i havbruksfondet. Det er staten som no tek ein større del av inntektene.

Dette trugar utviklinga av næringslivet og lokalsamfunna langs kysten.

Bortfall i investeringar i foredlingsverksemder og ein ekstrem skattesats for produksjon i sjø står direkte i motstrid til eksportmålsetnadane. Det vert no meir lønnsamt å sende laksen ut av landet etter smoltperiode. Når investeringar i bearbeiding vert avlyst, vil meir av fisken gå utanlands for bearbeiding der. Dette inneber tapt verdiskaping, tapte eksportinntekter og tapte jobbar i Noreg.

Resultatet vert færre arbeidsplassar, færre distriktsgründarar, færre oppdrag til vår industri, og ei gåvepakke til våre konkurrentar. Eksport av heil laks er ei gåvepakke til landa sør for oss, som gjerne vil foredle fisken vår. No er det dei som får nyte godt av ringverknaden frå produksjonen i fjordane våre. Verdiskapinga vert eksportert, og velferdsgrunnlaget forvitrar.

Skatten vil kunne føre til at verdiskaping vert flytta frå våre fjordar. Løysingar som gir større avtrykk og er samfunnsøkonomisk mindre ønskjelege, vert gjort bedriftsøkonomisk attraktive. 

Næringsforeiningane langs kysten ropar varsku og vil peike på ein gamal fjellvitregel:

«Det er inga skam å snu»! Vi veit at verknaden av dette er liten i kroner og øre på budsjettet for neste år. Difor vil vi óg leggje til at denne gongen kostar det heller ikkje mykje å snu.

Vi ber om at Stortinget legg bort skatteskjerpingane og fokuserer på å realisere vekstpotensialet, i staden for å stogge utviklinga.