No søkjer vi ungdom til arbeid gjennom prosjektet «Læring i næring»
Bø barnehage ligg i Bøvågen og held til i eit nytt, stort og flott barnehagebygg.
I januar 2021 flytta vi inn i ny, fin barnehage, som med si utforming og innhald støttar barnehagen i å nå sine mål; tryggleik, trivsel, læring og meistring for alle. Vi er ein avdelingsbarnehage med seks avdelingar, der fem er i bruk i dag. Barnehagen har eit spesielt fokus på leik, samspel, språk og lesing. Vi ynskjer å fremje positivt samspel mellom borna og mellom born og vaksne.
Arbeidsoppgåver:
Væra i leik med borna, byggja relasjonar og bidra til at borna har ein god kvardag
Væra ein rollemodell for borna med mål om vennskap og inkludering
Bidra i praktisk og pedagogisk arbeid med born 1-6 år
Vi treng deg som:
Trivs i samspel med born og vaksne
Er engasjert og motivert for å bidra i leik og inkludering
Liker ein variert kvardag, med aktivitet inne og ute
Vil du vita meir om Bø barnehage kan du lesa her: https://www.alver.kommune.no/artikkel/boe-barnehage
Kontaktinfo til styrar, dersom du har spørsmål til stillinga: Gro Håland, mobil : 95229013.
Søknandsfrist: 9. september.