
Vedtekter for Nordhordland Næringslag
Desse vedtektene er vedtekne på skipingsmøte 3. juni 1972 og med endringar gjort på årsmøte 9. mai 1981, 24. mars 1984, 13. mai 2000, 22. april 2006, 22. april 2009, 18. april 2012 og 12. april 2016.
§ 1. Namn
Namnet skal vere: Nordhordland Næringslag.
§ 2. Arbeidsområde
Arbeidsområde er Nordhordland og Gulen.
§ 3. Føremål
Bidra til å fremja næringsutvikling i Nordhordland og Gulen. Vi skal fremja våre medlemmers interesser gjennom synliggjering, påverking og nettverksbygging, samt skape fagleg utviklande forum der medlemmene kan møtast på tvers av bransjar.
Næringslaget skal vere partipolitisk nøytralt.
§ 4. Medlemmer
Som medlemmer kan takast opp bedrifter, organisasjonar og personar som søkjer å aktivt fremja ei positiv næringsutvikling i Nordhordland og Gulen.
Æresmedlemmer kan utnemnast av årsmøtet etter innstilling frå styret når vedkomande har gjort ein særleg verdfull innsats.
§ 5. Tilslutning til andre samskipnader
Næringslaget kan vere tilslutta andre lag og samskipnader når dette er til gagn for arbeidet og faglege og næringspolitiske interesser. Styret vedtar inn- og utmeldingar.
§ 6. Inn- og utmeldingar
Søknad om å verte tatt opp som medlem skal sendast til administrasjonen som behandlar søknaden. Eventuelle avslag skal behandlast i styret. Avslag kan ankast til årsmøtet.
Utmelding kan berre skje pr. 31. desember pr. kalenderår.
§ 7. Årskontingent
Årskontingent vert fastsett av årsmøtet og skal vere betalt innan utgangen av mai. Medlemmer som let vere å betale, kan av styret strykast frå medlemslistene og utestengjast.
§ 8. Styret
Næringslaget vert leia av eit styre på 7 medlemmer valde av årsmøtet. Styremedlemmene bør vere jamt fordelte frå arbeidsområde og spegle medlemsmassen. Styreleiar vert vald ved særskilt val for eitt år om gongen. Styreleiar kan ikkje veljast att meir enn 5 år samanhengande. Dei andre styremedlemmene vert valde for 2 år. Annakvart år står 3 styremedlemmer på val, og annakvart år står 4 styremedlemmer på val. Styret konstituerer seg sjølv og vel nestleiar. Minst 4 styremedlemmer, av desse styreleiar eller nestleiar, må vera til stades for at eit styrevedtak skal vera lovleg.
Styret held møte så ofte styreleiar eller 2 styremedlemmer krev det. Det skal førast protokoll over styret sine drøftingar.
§ 9. Styret sine funksjonar
Styret planlegg drifta i samråd med administrasjonen. Alle aktivitetar skal vere i samsvar med føremål (§ 3).
Styret har ansvar for økonomien og avgjer saker som ikkje skal avgjerast av årsmøtet.
§ 10. Styreleiar
Styreleiar leiar styremøta. Nestleiar leiar møta når styreleiar ikkje kan møta. I saker der stemmetalet ved avrøysting er likt, har styreleiar dobbelstemme. Styreleiar representerer næringslaget og pliktar med si underskrift.
§ 11. Dagleg leiar
Dagleg leiar ivaretek den daglege drifta og fremjar næringslaget sine interesser. Daglig leiar representerer næringslaget etter samråd med styreleiar. Dagleg leiar rapporterer til styreleiar.
§ 12. Årsmøte
Årsmøtet er øvste organ. Det skal haldast kvart år innan utgangen av mai månad. Administrasjonen fastset tidspunkt og sender ut innkalling med sakliste minst to veker på førehand. Årsmelding og rekneskap bør følgja med innkallinga. Berre medlemsbedrifter som er representert på årsmøtet, kan røyste. Kvar medlemsbedrift representerer 1 stemme. Årsmøtet er vedtaksført når minst 20 av medlemsbedriftene er til stades. Dersom frammøtet ikkje er tilstrekkeleg til at årsmøtet vert vedtaksført, skal styret kalle inn til nytt årsmøte. Dette er vedtaksført utan omsyn til frammøte. Omframt årsmøte vert halde når styret, eller minst 1/5 av medlemmene, krev det. Om nødvendig kan fristen ved innkalling til omframt årsmøte eller andre gongs innkalling til årsmøte, vera kortare enn vanleg. Årsmøtet vedtar, opphevar og forandrar vedtektene.
Saksliste for årsmøtet:
Velje to personar til å skrive under årsmøteprotokollen
Årsmelding
Revidert rekneskap
Fastsetjing av årskontingent
Budsjett
Val av styreleiar og styremedlemmer
Val av leiar og to medlemmer i valnemnda
Val av revisor
Fastsetjing av eventuell instruks for styre og revisor
Andre saker som styret legg fram
Det skal vere skriftleg val på styreleiar og styremedlemmer dersom det er meir enn eitt forslag, eller nokon krev det. Dersom ingen av dei som er føreslegne til styreleiar får meir enn halvparten av røystene ved første gongs røysting, skal det røystast mellom dei to kandidatane som har fått flest røyster ved første valomgang. Den som då får flest røyster, er vald til styreleiar. Det skal førast protokoll over årsmøtet sine forhandlingar. Protokollen skal skrivast under av 2 medlemmer valde på årsmøtet.
§ 13. Organisering
Det kan opprettast fag-, bransje- eller andre utval. Prosjektgrupper kan etablerast for å arbeide med viktige saker. Styret godkjenner mandatet til utvala og gruppene.
§ 14. Vedtektsendringar
For å endre vedtektene krevst det 2/3 fleirtal av frammøtte medlemmer og at forslag til vedtektsendring vert sendt ut saman med innkalling til årsmøtet.
§ 15. Eksklusjon
Styret kan ekskludere eller suspendere for ei fastsett tid medlem som bryt våre vedtekter eller vedtak. Vedtak om eksklusjon eller suspensjon skal skriftleg meldast til vedkomande medlem, og vedtaket skal grunngjevast. Styret sitt vedtak kan ankast til årsmøtet. Anken har utsetjande verknad.
§ 16. Oppløysing
Forslag om oppløysing, herunder økonomisk oppgjør, kan berre behandlast på ordinært årsmøte, og må vera kome til styret før utgangen av året. Vedtak om oppløysing krev ¾ fleirtal (av dei som møter), og 2/3 av medlemmene må ha røysta.