10. TRINN: LÆRING I NÆRING

«Læring i Næring» er eit prosjekt som gjer det mogleg for elevar på 10. trinn å søke seg jobb hos ulike verksemder i Nordhordland. Prosjekteigar er Nordhordland Næringslag, og prosjektleiar er Vivian Kårbø.

OM PROSJEKTET

Ein viktig samarbeidspart i prosjektet er JOBBMOT – kompetansesenter for ungdom og arbeid under NAV i Nordhordland. Jobbmot er med å skaffe stillingar som elevane kan søke på, i tillegg til å lære elevane om skriving av CV og søknad. Elevane kan også få intervjutrening og andre gode tips i søkeprosessen.

Gjennom erfaringane i «Læring i Næring» vil ein del av elevane få meir kunnskap på vegen mot innsøking til vidaregåande skule.

  • Skuleåret 2024/2025 starta vi «Læring i Næring» som ein pilot for elevar ved Radøy ungdomsskule i Alver kommune og Årås skule i Austrheim kommune. Totalt var cirka 100 elevar med, og 55 av dei kom i jobb i haustferien og vinterferien.

  • Skuleåret 2025/2026 har alle kommunane i Nordhordland vore med, dvs. at 250 elevar frå 11 ungdomsskular deltek.

  • Skuleåret 2026/2027 aukar vi opp til 18 ungdomsskular og 460 elevar.

  • Skuleåret 2027/2028 kjem dei 3 siste ungdomsskulane i Alver med, dvs. Meland, Rossland og Danielsen.


OM KONSEPTET

Utvikling av konseptet « Læring i Næring» er gjort av Næringshagen i Ryfylke. Dei har jobba med å få ungdom på 9. trinn i arbeid i haustferien og vinterferien i lokale bedrifter. Det har heile vegen vore viktig å knytte lokal ungdom til lokalt arbeidsliv, og det har gjeve resultat gjennom mange år!

Gjennom prosjektet « Læring i Næring» lærer elevane:

  • Å lese stillingsannonser

  • Skrive jobbsøknad

  • Lage sin eigen CV

  • Gjennomføre intervju

  • Skaffe seg skattekort

  • Få lønn

  • Motta attest

  • Skaffe seg referanser

LÆRING I NÆRING - STEG FOR STEG

Trinn 1: Bli kjend med verksemder og søknadsskjema

Det blir arrangert lokale jobbmesser/bedriftsdagar slik at elevane får kunnskap om og får møte lokale arbeidsgjevarar som er med i prosjektet, og som vil tilby jobb.

Trinn 2: Skrive søknad og CV

Alle elevane får eit undervisningstilbod via Jobbmot der dei lærer å skrive CV og søknad.

Trinn 3: Intervju og mogleg jobb

Søk til dei verksemdene du er interessert å jobbe i. Stillingsannonser og skjemaet du skal søke i finn du ved å klikke på logoen til verksemdene i dei ulike kommunane. Du kan søke maks 3 ulike stillingar!

Arbeidsgjevar kallar inn til intervju og gjev jobbtilbod. Då er det viktig at du svarer raskt tilbake om du kan stille til avtalt tidspunkt. Dersom du får tilbod om jobb og takkar ja, så må du skrive under på ein arbeidsavtale saman med foreldra dine fordi du er under 18 år.

Det er viktig å hugse at ikkje alle vil få jobb, men å øve seg på å skrive søknad og gå på intervju vil likevel gjere at du får kunnskap og erfaring som du kan ta med deg neste gong du søker jobb.

Tidsplan skuleåret 2026/2027:

  • Veke 34–36: Foreldremøter/informasjon til foreldre på skulane

  • Veke 34–36: Jobbmesse på skulane/bedriftsbesøk der ein møter ulike arbeidsgjevarar

  • Veke 37: Søknadsfrist: Onsdag 9. september. Søk maks 3 stillingar.

  • Veke 37–39: Intervju og tilsetjing pågår

  • Veke 39: Siste frist for tilsetjing

  • Veke 41: Jobb i haustferien 5. oktober–9. oktober 2026

  • Veke 8: Jobb i vinterferien 22. februar–26. februar 2027 for Solund

  • Veke 9: Jobb i vinterferien 1. mars–5. mars 2027 for Fedje, Modalen, Gulen, Masfjorden, Modalen, Osterøy, Austrheim og Alver

Elevane får attest i etterkant.

NYTTIGE LENKER

Informasjon om å søke jobb for første gong

Informasjon om korleis du søker om frikort

Informasjon om korleis du skriv ein jobbsøknad

Gode tips til korleis du førebur deg til jobbintervju

Lovar og reglar for unge i arbeid

Informasjon om utdanningsprogramma

MEDIEOMTALE

Sjå innslaget på Vestlandsrevyen

Høyr innslag på radio: God morgon Hordaland

Les om prosjektet på nrk.no


Klikk på kommunen du ønsker å finne ledige stillingar i :


Kontakt

Prosjektteamet tar imot søknader og fordeler vidare til verksemdene.

Har du spørsmål om Læring i Næring? Ta kontakt med prosjektleiar Vivian Kårbø: 48 29 5902 | vivian@nonl.no


Om prosjektet

Nordhordland Næringslag samarbeider med Jobbmot - kompetansesenter for ungdom og arbeid om prosjektet Læring i Næring. Radøy ungdomsskule og Årås ungdomsskule har vore pilotskular. Dette er eit tilbod til motiverte og interesserte 10. klassingar som ønsker seg ein jobb. Arbeidstida på 35 timar er lagt til haust- eller vinterferie, eventuelt etter skuletid.

Modellen har fått namnet «Læring i Næring», og er henta frå Næringshagen i Suldal i Ryfylke som har kjørt modellen i 14 år. Målet er at elevane skal få kunnskap om lokalt arbeidsliv, ulike yrkesretningar og jobbmoglegheiter, og at ungdom blir kjent med arbeidslivet sine krav og forventningar.