Me søkjer «Læring i næring»-ungdom til Frekhaug dagsenter

Sjukeheim og heimetenesta i Alver gir helse og omsorgstenester til dei som har behov og rett på helsehjelp. For å gje gode forsvarlege tenester har me tilsette med ulik kompetanse i avdelingane.

Me søkjer «Læring i næring» til Frekhaug dagsenter der me ser at dette kan vere eit bidrag til å vere med på å gje brukarar auka livskvalitet og gode dagar.

Arbeidsoppgåver:

  • Tur med brukar/pasient i nærområdet

  • Aktivitetar, for eksempel høgtlesing, steike vaflar

  • Deltaking under måltid

  • Andre enkle praktiske oppgåver som rydding

  • Snakke med brukarar (gode samtalar)

Me ynskjer deg som:

  • Ynskjer å lære meir om helsefag

  • Likar å snakke med andre/er sosiale

  • Vil vere til stede for andre

Arbeidsplassen vil vere på Frekhaug dagsenter, og arbeidet går føre seg på dagtid.

Søknadsfrist er 09. september.

Kontaktperson: Benthe Helland

Søknadsskjema: