Vi søker ein kreativ og lærevillig 10. klassing

Om oss

Alver kommune er delt inn i ulike område, til dømes barnehage, skule, helse, veg og vatn. I området «organisasjon og utvikling» jobbar om lag 70 personar – med alt frå økonomi, lagring av dokument, beredskap, politiske møte, HR og kommunikasjon.

Avdelingane våre gir støtte til leiarar og tilsette i kommunen, og legg til rette for at alle som bur her får den informasjonen dei treng om ulike tilbod.

Hos oss får du prøve deg på ulike oppgåver i fleire avdelingar. Den som får jobben, vil få tilbod om å jobbe både i haustferien og vinterferien.

Arbeidsoppgåver

Vi tar ein prat om arbeidsoppgåvene dine når du startar. Vi ser for oss at du til dømes kan bidra med å:

  • Ta bilete og filmar vi kan bruke på nettsida og i sosiale medier

  • Skrive tekstar om ting som skjer i kommunen

  • Gjere enkle oppgåver for HR og andre avdelingar

Arbeidsplassen er på rådhuset i Knarvik.

Om deg

Vi søkjer deg som:

  • Har lyst til å lære meir om kommunen vår

  • Likar å skrive nynorsk og lage enkle presentasjonar

  • Har erfaring med å ta bilder og lage korte filmar

  • Har godt humør og ei positiv innstilling

Lurar du på noko?

Ta kontakt med kommunalsjef for organisasjon og utvikling, Lisbeth T. Alvær, på mobil 93 03 61 56

Søknadsfrist: 9. september

Søknadsskjema: