No søkjer vi ungdom til arbeid gjennom prosjektet «Læring i næring»
Sæbø barnehage ligg flott til i Søre Austmarka med kort veg til både skule, idrettsbane og butikk.
Vi har eit stort og fint uteområde med mellom anna eigen grillhytte. Kring barnehagen er det fine muligheter for flotte naturopplevingar då det er kort veg til turstiar og kulturlandskap. Det er og kort veg til badevika Solheimsviken.
Vi har for tida noko ekstra personale i barnehagen utover det som er vanleg bemanningsnorm. Dette gjer at vi kan tilby eit meir stabilt personale og dermed god tryggleik for barna våre.
Dei fleste i den faste personalgruppe er skulert i «De utrolige årene» og prinsippa i DUÅ er ein del av grunnmuren til vår pedagogiske verksemd. Vi har månadlege kontakttider med den pedagogisk psykologiske tenesta, der vår kontaktperson i PPT kjem ut i barnehagen for å observera og gje veiledning til oss i personalet. Foreldre kan og få veiledning av PPT i denne tida.
Sæbø barnehage ligg like ved sidan av Sæbø skule og vi har eit godt samarbeid med skulen. Vi har tider vi kan nytte gymsalen på skulen og vi nyttar og uteområdet til skulen ein del. Dette er spesielt positivt for overgangen mellom barnehage og skule då barna vil vere godt kjende med, og trygge på skulen sin når dei skal byrje på skulen. Førskuleborna får og tilbod om bading i bassenget i Radøyhallen på Manger i løpet av det siste året før skulestart.
Arbeidsoppgåver:
Væra i leik med borna, byggja relasjonar og bidra til at borna har ein god kvardag
Væra ein rollemodell for borna med mål om vennskap og inkludering
Bidra i praktisk og pedagogisk arbeid med born 1-6 år
Vi treng deg som:
Trivs i samspel med born og vaksne
Er engasjert og motivert for å bidra i leik og inkludering
Liker ein variert kvardag, med aktivitet inne og ute
Vil du vita meir om Sæbø barnehage kan du lesa her: Sæbø barnehage - Alver kommune
Kontaktinfo til styrar, dersom du har spørsmål til stillinga kan du kontakte Tony Vetaas, mobil : 47602424
Søknadsfrist: 9. september 2025