Me søkjer «læring i næring»-ungdom til arbeidsplassar på Osterøy
Museumssenteret i Hordaland er eit museum for levande kultur-, natur- og industriarv, og eit kompetansemiljø for konservering og bygningsvern i Hordaland. Vi har avdelingar i Salhus, på Lygra, Radøy og Osterøy.
Gardsarbeidar Havrå
På Havrå har vi gardsdrift slik som i «gamle dagar» utan traktor og maskiner. Dette er arbeidsmåtar og kunnskap som går fleire hundre, og ofte tusen, år attende i tid og målet vårt er å ta vare på den kunnskapen vi treng for å kunne produsere mat lokalt.
I praksisveka vil ein delta saman med dei fast tilsette i oppgåver knytt til dyrehald og arbeide i kulturlandskapet.
Du vil vera ein del av eit team av kunnskapsrike og engasjerte kollegaer som er opptekne av å dele kunnskapen sin med andre.
Kva treng vi?
Du må like å vera ute og arbeide med praktiske oppågåver, vera interessert i gardsdrift, dyrehald, miljø, natur eller biologi.
Arbeidsplass: Havråtunet, Bruvikvegen 264.
For nærare opplysningar: Avdelingsleiar Solveig Jordal, 94 17 22 50 og sjå nettside www.muho.no