Me søkjer «Læring i næring»-ungdom til sjukeheim og heildøgnsbemanna bustad på Manger
Sjukeheim og heimetenesta i Alver gir helse og omsorgstenester til dei som har behov og rett på helsehjelp. For å gje gode forsvarlege tenester har me tilsette med ulik kompetanse i avdelingane.
På Manger har me sjukeheim/Velferdsenteret, omsorgsbustadar med heildøgnsbemanning (OMS) og ordinær heimeteneste.
Me søkjer «Læring i næring» til sjukeheim og heildøgnsbemanna bustad på Manger der me ser at dette kan vere eit bidrag til å vere med på å gje bebuarane auka livskvalitet og gode dagar.
Arbeidsoppgåver:
Tur med brukar/pasient i nærområdet
Aktivitetar, for eksempel høgtlesing, steike vaflar
Deltaking under måltid
Andre enkle praktiske oppgåver som rydding/legge på plass tøy
Snakke med brukarar (gode samtalar)
Me ynskjer deg som:
Ynskjer å lære meir om helsefag
Likar å snakke med andre/er sosiale
Arbeidsplassen vil vere på Manger i omsorgsbustad eller på sjukeheimen/Velferdsenteret (begge er same bygg sentralt på Manger)
Arbeidstid kan vere både på dag/ettermiddag og kveld og kan avtalast med leiar på avdelinga.
Søknadsfrist er 09. september.
Kontaktinfo:
Sjukeheim - Christina L Fosse
Heimetenesta/omsorgsbustad - Benthe F Helland