Me søkjer «læring i næring»-ungdom (15–16 år) til lager eller butikk i Arna

I over 30 år har Norengros K.J. Brusdal AS levert forbruksvarer og utstyr til næringslivet i regionen – frå helse og industri til kontor og storhushaldning. Med hovudkontor og lager i Arna er vi stolte av å bidra til både arbeidsplassar og vekst i lokalsamfunnet. Vi trur på å gi unge ein god start i arbeidslivet, og no søker vi nye, engasjerte ungdommar hos oss!

Arbeidsoppgåver:

På lageret kan du få oppgåver som:

  • Koste og rydde med feiemaskin

  • Tømme plast og papp i komprimator

  • Hjelpe til med tømming av container

  • Vere med sjåfør ut på leveransar (må avklarast)


I butikken kan du få oppgåver som:

  • Fylle på varer og halde orden

  • Bytte prisar og rydde i hyller

  • Tørke støv og hjelpe kundar

  • Bygge utstillingar og gjere klart til sal

Me søkjer deg som:

  • Er presis og held avtalar

  • Har lyst til å lære og jobbe

  • Er positiv og likar å snakke med folk

  • Klarer å jobbe sjølvstendig når det trengst

Arbeidsstad: Norengros K.J. Brusdal AS, Magnusvegen 14, Arnatveit

NB! Det er viktig at du sjølv kan kome deg til og frå arbeidsplassen.


Arbeidstid:

  • Lager: 07:00–15:00 eller 08:00–16:00

  • Butikk: 08:00–16:00

Søknadsfrist: 9. september 2025

Vil du vite meir om oss? Sjå vår nettside: https://www.norengros.no/wholesaler/4700

Vi gledar oss til å høyre frå deg!

Søknadsskjema: