Me søkjer «læring i næring» ungdom til arbeidsplassar i kommunen
Osterøy kommune er ein stor arbeidsgjevar med ca 900 tilsette som dekkjer eit breitt spekter av fagområde. Vi leverer viktige tenester til innbyggjarane - frå helseoppfølging av gravide til sjukeheim, barnehagar og skular, tekniske tenester som vatn og avlaup, brannvesen og administrative oppgåver.
Vi framtidsretta og investerer i digital utvikling, miljøvennlege løysingar og kompetanseutvikling. Som tilsett får du arbeide med moderne utstyr samtidig som du byggjer nære relasjonar til lokalsamfunnet.
Med arbeidsområde frå omsorg til tekniske tenester, utdanning til kultur, finst det moglegheiter for læring, utvikling og meiningsfylt bidrag uansett kva interesser og ferdigheiter du har.
Kultursmia
På Osterøy kultursmie får du arbeide med bibliotekdrift og kulturformidling som ein sentral del av lokalsamfunnet. Som tilsett blir du kjent med moderne bibliotektenester - frå utlån av bøker og digitale medium til arrangering av kulturelle aktivitetar og møteplassar for innbyggjarane. Kultursmia fungerer som ein viktig lærings- og opplevingsarena for alle aldersgrupper. Her kan du også få høve til å bidra med frivilligsentralen, der du koordinerer frivillig arbeid og aktivitetar i kommunen.. Du arbeider i eit miljø der kultur, læring og frivilligheit møtest, og kan bidra til å skape meiningsfulle opplevingar for innbyggjarane.
Arbeidsoppgåver:
Vere med å gjennomføre aktivitetar for barn i biblioteket, til dømes dataspel, hobbyaktivitetar og lesestund
Delta i daglege driftsoppgåver
På kultursmia vil arbeidsdagane vere på 7 timar, men den som vert tilsett vil få andre oppgåver på onsdagane, då vi har stengt.
Vi søker deg som:
Personlege eigenskapar:
Er nysgjerrig og lærevillig - du treng ikkje å kunne alt frå før!
Liker å vere saman med andre menneske
Er hjelpsam og snill
Tør å stille spørsmål når du lurer på noko
Kan ta imot beskjed og rettleiing frå vaksne
Praktiske ferdigheiter som er nyttige:
Kan bruke datamaskin og mobil
Er vant til å vere saman med mindre born (søsken, kusiner, naboborn)
Har hjelpt til heime med praktiske oppgåver
Liker å vere utandørs og er ikkje redd for å bli skitten på hendene
Har interesse for matlaging eller handverk
Det viktigaste er at du:
Møter opp når du skal
Gjer ditt beste sjølv om oppgåvene er nye for deg
Seier frå dersom du ikkje forstår noko
Er hyggeleg mot dei du møter på jobb
Vi legg vekt på motivasjon og vilje til læring framfor formell kompetanse. Gjennom praksis, opplæring og mentor-ordningar får du den kunnskapen du treng for å lukkast i jobben.
Du vil få tett rettleiing av erfarne medarbeidarar som vil lære deg opp i dei ulike oppgåvene. Dette er ein moglegheit til å få innsikt i korleis det offentlege arbeider og kanskje finne ut kva du har lyst til å jobbe med seinare.
Politiattest
For dei fleste stillingar i Osterøy kommune må du levere politiattest. Dette gjeld særleg når du skal arbeide med barn, eldre eller andre sårbare grupper. Politiattesten viser at du ikkje har gjort noko straffbart som kan påverke jobben din. Dette gjeld stillingar i barnehagar, skular og dagtilbod.
Politiattesten er gratis. Du får bestilt politiattest på politiet.no eller på politistasjonen. Det tek vanlegvis nokre dagar å få den ferdig.
Teieplikt
Som tilsett i kommunen har du teieplikt. Det betyr at du ikkje kan fortelje andre om det du får vite på jobben om enkeltpersonar, deira helse, økonomi eller private forhold. Teieplikta gjeld både medan du arbeider og etter at du har slutta. Du kan berre dele informasjon med kollegaer som treng det for å gjere jobben sin, og berre det som er nødvendig. Dersom du bryt teieplikta, kan det få alvorlege konsekvensar både for dei det gjeld og for deg sjølv. Vi gjev grundig opplæring i kva som er tillate å dele og ikkje.
Kontaktperson: Henrik Carlsen, telefon: 56 19 21 00.
Søknadsfrist: 9.september