Me søkjer «læring i næring»-ungdom til arbeidsplassar på Osterøy
Museumssenteret i Hordaland er eit museum for levande kultur-, natur- og industriarv, og eit kompetansemiljø for konservering og bygningsvern i Hordaland. Vi har avdelingar i Salhus, på Lygra, Radøy og Osterøy.
Marknadsføringsassistent
Mål: Formidle historier frå museet til målgruppa 14-17 år. Assistenten vil særleg samarbeide med museet sin formidlings- og marknadsansvarlege, men vil i arbeidstida fylgje fleire tilsette i ulike oppgåver og vil ha eit særleg ansvar for å formidle opplevingar og kunnskap frå museet gjennom SOME. Det vil bli lagt ein arbeidsplan ved oppstart.
Dei faste tilsette ein skal fylgja i arbeidet, og delta i aktuelle oppgåver saman med, er:
Samlingsforvaltar, som tek i mot gjenstandar til museet sine samlingar, syter for katalogisering og trygg oppbevaring av desse.
Tekstilhandverkar, som har undervisning og planlegg formidlingstiltak innan arbeide med ull, farging, veving.
Bygningshandverkar som utfører vedlikehald og tilsyn med dei gamle bygningane på museet.
Formidlar som arrangerer ferieaktiviteter for barn i haustferien.
På museet vil du vera del av eit team av kunnskapsrike og engasjerte kollegaer som er opptekne av arbeidet sitt og å dele kunnskapen sin med andre.
Kva treng vi:
Deg som synst det er interessert i det som skjer på museet, synst det er interessant å formidle tema og historier frå museet til di eiga aldersgruppe og som likar å arbeide saman med andre.
Arbeidsplass: Osterøy museum, Gjerstad 44.
For nærare opplysningar: Avd.leiar Solveig Jordal 94 177 22 50 og sjå nettside www.muho.no