Me søkjer «Læring i Næring» ungdom til Solund barnehage
Barnehagen ligg sentralt plassert på Hardbakke og har tre avdelingar med plass til barn mellom 10 mnd - 6 år. Satsningsområde er mellom anna språkarbeid, fysisk aktivitet og SMART oppvekst. Me er glad i å vere ute og bruker aktivt det flotte nærområdet vårt året rundt. Barnehagen samarbeider tett med kulturskule og skule, saman vil me bidra til å skape eit trygt og godt oppvekstmiljø i Solund.
Me søkjer ein ungdom som:
Er interessert i arbeid med barn, er nysgjerrig i møte med barn og som likar å vere ute
Tar initiativ til, og deltar aktivt, i barnas aktivitet og leik
Er leiken både inne og ute
Likar allsidige arbeidsoppgåver
Trivast i ein arbeidsdag med høgt tempo
Personlege eigenskapar:
Er entusiastisk, positiv og omsorgsfull
Har interesse for å jobbe med og for barn
Har gode kommunikasjons -og samarbeidsevner
Er løysingsorientert og imøtekommande
Har du spørsmål kan du ta kontakt med styrar Anne Brith Tangenes. Tlf: 97584571
Velkomen som søkjar!