Endeleg Nordhordlandstunnel – etter 30 år

Det er svært gledeleg at E39 Vågsbotn-Klauvaneset skal starta opp i første del av Nasjonal Transportplan. Prosjektet er klart for bygging i 2027, og etter 30 år med planlegging kan vi endeleg gleda oss til å bli kvitt kømarerittet på hovudvegen i nord til og frå Bergen.

 

— Vi har jobba tett opp mot prosessen med å få på plass tunnelen, som er livsnerven til Bergen for alle som bur i Nordhordland. I dette arbeidet har vi møtt stor forståelse i det politiske miljøet, og der vil eg spesielt trekkja fram Marte Mjøs Persen i Stortinget. Vi registrerer at ho har stått rakrygga for å kjempa inn prosjektet, seier dagleg leiar Beate S. Korsøen i Nordhordland Næringslag.  

Lokalt har Nordhordlandsregionen også opplevd betydeleg auka velvilje og stå-på-innsats frå Bergen og byrådet siste året. Bergen og Nordhordland jobbar no godt saman for å sikra at prosjektet endeleg skal starta opp.

Reguleringsplanlegginga for Nordhordlandstunnelen har pågått i eit halvt års tid. Ein prosjektstab er på plass og Statens vegvesen sin reguleringsplan skal vera klar hausten 2025. 

— Derfor er det svært gledeleg at regjeringa sluttar seg til denne framdriftsplanen og bidrar til at Nordhordlandstunnelen endeleg blir realisert, seier regionrådsleiar Lars Fjeldstad og dagleg leiar Rune Heradstveit i Region Nordhordland.

 

Svært rimeleg for staten – bør starta straks

E39 Vågsbotn-Klauvaneset er den vegstrekninga i vest der det brenn mest med strakstiltak på ein tofelts veg med opp mot 30.000 bilar kvar dag. Vegstrekninga inngår i prosjektet Ringveg Øst i Bypakke Bergen, der det er prioritert 2,1 MRD (2023-kr) i bompengebidrag til ringvegen. Desse lokale midlane kan etter lokalpolitisk forankring brukast for å sikra oppstart av Nordhordlandstunnelen i løpet av dei komande 3 åra.  

Og staten får mykje igjen for pengane. Prosjektet har ein kalkyle i dag på 6,8 MRD kr, der 2,1 MRD gjeld allereie innbetalte bompengar og 1,7 MRD er moms. Det medfører statlege kostnader på maks 3 MRD kr.

 

Viktig å jobba inn mot dei årlege budsjetta

Vi kjem til å følgja prosessen tett inn mot stortingsbehandlinga for å sikra at prosjektet overlever i sluttforhandlingane som ofte inntreff når heile NTP skal avgjerast av Stortinget.

Kampen kjem likevel til å pågå kvart år framover til prosjektet har starta opp og er ferdig bygd. NTP er ein rammeplan, og vi må derfor jobba for at prosjektet får dei nødvendige årlege løyvingane.

Men i dag er det glede, ikkje minst blant trafikantane som er lei av dagleg køståing. No ser vi fram mot byggestart og betre trafikkflyt for folk flest og til meir likeverdige konkurranseforhold i tid og avstand for næringslivet. Dette gjeld særleg for Mongstad og Fensfjordbassenget, der Region Nordhordland framover skal vera ein av drivarane i arbeidet for nasjonen si grøne omstilling.