Status i arbeidsmarknaden i Nordhordland

Det er framleis mangel på arbeidskraft hos bedriftene i Nordhordland. Oppfordringa til arbeidsgivarane er å tenkje nytt og å sjå potensial i grupper som har vanskeleg for å få jobb via dei vanlege kanalane.

Dette kan vere personar som må skifte yrke som fylgje av helsemessige årsaker eller det kan vere flyktningar kor norsknivået er ei utfordring.

I januar blei det utlyst 400 stillingar i Nordhordland. Flest stillingar innan helse og sosial, serviceyrke og industri. Sist gong det blei utlyst såpass mange stillingar var i mai 2022.

Flyktningar i jobb

Ved utgangen av 2023 var det 800 flyktningar i Nordhordland og det er venta fleire i 2024.

Språkpraksis og arbeidstrening har gitt mange flyktningar i Nordhordland jobb og er spesielt aktuelt i starten når flyktningane er i introduksjonsprogrammet. NAV kan bidra med kompetanseheving og ulike økonomiske tilskudd i ein overgangsfase til jobb. Eksempel på dette er lønnstilskudd, mentor og integreringstilskudd. Jobbrettleiar fyl opp med jevnlege møter på arbeidsplassen og er tilgjengelege for begge partar

70 % av dei som er gjekk ut av introduksjonsprogram i løpet av 2023 har anten har fått heil- eller deltidsjobb.

321 personar er registrerte som heilt ledige i Nordhordland ved utgangen av januar (1.4%). Dette er ein oppgang i arbeidsløysa frå same tid i fjor og som vi trur skuldast at fleire flyktningar no har registrert seg som arbeidsøkjarar

 

Pressemeldinga Vestland

Ledigheita vil auke i Vestland

I januar var 1,9 prosent av arbeidsstyrken i Vestland utan jobb. Ledigheita vil auke noko utover året, ifølgje ein fersk prognose frå NAV. Ein viktig faktor er kor mange ukrainske flyktningar som kjem i arbeid.

I januar var 6 630 personar i Vestland registrerte som heilt arbeidsledige. Dette er 473 fleire enn på same tid i fjor og utgjer 1,9 prosent av arbeidsstyrken. Vestland ligg dermed under landsgjennomsnittet på 2,1 prosent.

– Vi ser ingen dramatiske endringar i arbeidsmarknaden. Både talet på arbeidsledige og talet på utlyste stillingar ligg på same nivå som i desember når vi tek høgde for normale sesongvariasjonar, seier direktør Anne Kverneland Bogsnes i NAV Vestland.

 

Tal for Noreg

Ved utgangen av januar var 76 700 personer, det vil sei 2,6 prosent av arbeidsstyrken, registrert som heilt ledige eller arbeidssøkarar på tiltak hos NAV. Halvparten av dei har innvandrarbakgrunn.

Pressemelding sentralt