Oppdatering frå NAV Nordhordland

24.4.2020

Blant rekordhøg arbeidsløyse og mange permitteringar, viser mange bedrifter mykje optimisme og innsats for å kome godt i gang igjen! Dette seier leiar i NAV, Jane Britt Daae.

Lokal arbeidskraftanalyse gjev optimisme

NAV i Nordhordland har siste veka gjennomført ei arbeidskraftanalyse. I kontakt med bedrifter som har varsla permitteringar og sentrale næringsorganisasjonar er det kartlagt status og utsikter.

Bedriftene viser imponerande omstillingsevne og optimisme, seier leiar i NAV, Jane Britt Daae. Koronakrisa gjev tøff medfart og store konsekvensar for bedriftene og arbeidsstokken, men no snakkast det om nye moglegheiter, korleis jobbe vidare og fleire ser mykje lys i tunnelen.

Analysen gjev ein nyansert status. Frå uvisse, aukande tal permitteringar, manglande oppdrag og stengde verksemder, har situasjonen så smått begynt å endre seg. Fleire verksemder skildrar korleis dei jobbar med smittevern, og korleis opptrapping av drift og leveransar skjer. Fleire melder også at dei ikkje har permittert så mange som først frykta, og fleire har planar om ta inn att permitterte arbeidstakarar med det første.

Ledige jobbar i Nordhordland

Arbeidsløysa i Nordhordland har dei siste vekene vore på eit rekordhøgt nivå, seier NAV-leiar Daae. No når myndigheitene opnar gradvis opp på tiltaka, håpar og trur vi at arbeidsløysa i einskilde bransjar vil krype nedover igjen, som til dømes innan butikk og salsarbeid.

Vårt inntrykk er at verksemdene planlegg å tilbakekalle tilsette så snart situasjonen tillet det.

Fleire bransjar og verksemder treng meir arbeidskraft. I sektor for Helse og omsorg er det mykje ledig, og det er fleire ledige stillingar innan oppvekst og utdanning, og industri.  Matvarehandelen har ein stor auke i omsetninga og må styrke bemanninga. Sommarjobbar og sesongarbeid treng også fleire hender.

Stadig fleire verksemder bruker Arbeidsplassen.no når dei skal tilsetje medarbeidarar. Som arbeidssøkjar er det viktig å vere registrert med ein cv som syner interesse og bakgrunn. Når verksemder søkjer arbeidskraft kan dei gå rett inn i denne portalen og søkje på den kompetansen dei treng. NAV oppmodar alle arbeidsledige til å bruke tid på å registrere cv’en sin, det kan gje ein ny jobbmoglegheit.

Fortsatt nye reglar og strakstiltak

Sjølv om optimismen er på veg tilbake, er vi svært oppteken av at arbeidsledige skal få pengane sine så fort som mogleg. NAV har sett opp ekstra innsats for å sikre inntekt og økonomisk hjelp i denne tida, fortel Jane Brit.

Ei nyskaping i Nordhordland er moglegheita til å sende inn digital søknad om økonomisk sosialhjelp. Det kan ein gjere frå nettsida nav.no/sosialhjelp. På denne nettsida er det også ein chattefunksjon kor ein kan stille spørsmål direkte til NAV. For ein del vil det kanskje vere lettare å søkje hjelp, når ein kan gjere det digitalt, anten på telefon eller på nettet.

Vidare har Stortinget vedteke at lærlingar som blir permittert eller mistar lærlingplassen i samband med koronakrisa, skal få inntektssikring frå staten. Det er no mogleg for lærlingar å søkje om forskot på dagpengar.  For å få tilgang til ordninga må ein først søkje om dagpengar hjå NAV på vanleg måte.

Viktige lenker arbeidsgivar

·      Informasjon til arbeidsgivarar (nav.no)

·     Informasjon til arbeidsgjevar som må permittere

·     Det er laga ein film for arbeidsgjevarar og det er oppretta ein chat for arbeidsgivarar

·     Her i Nordhordland har vi i tillegg eigen kontakttelefon for arbeidsgivarar

·      Informasjon til sjølvstendig næringsdrivande 

·      Søknadsfunksjon for lønn til permitterte er på plass innen mai (nav.no)

Viktige lenker samarbeidspartnarar

·      Informasjon til samarbeidspartnere (nav.no)

Viktige lenker arbeidssøkjar

·      Samleside for den som vert permittert, som spesielt omhandlar situasjonen knytt til koronautbrotet

·     Informasjonsfilm for dei som skal søkje dagpengar

·     Lærlingar kan no søkje om forskot på dagpengar (nav.no)

·     Det er også åpna for at dei permitterte kan få forskott på dagpengar

·     Her finn du meir informasjon om meldekort.