Møtecupen på Mongstad samla næringslivet: – Bedriftene fann nye moglegheiter på 25 minutt
Nordhordland Næringslag inviterte onsdag til møtecup på Mongstad, og responsen frå deltakarane var tydeleg: Denne forma for møteplass har stor verdi for både små og store verksemder i regionen.
Gjennom korte, effektive møte fekk bedriftene høve til å presentera behov, utforska samarbeid og bli kjende med kompetansen som finst i eigen region.
Helgesen Tekniske Bygg frå Osterøy var blant dei som deltok for første gong. Dei kom for å sjå kva som rører seg i Nordhordland – og fekk meir enn dei venta.
Overraska av kva nabobedrifter kan levera
– Me har møtt bedrifter me aldri hadde tenkt på å kontakte sjølv, og det løfta tankar i eit prosjekt me jobbar med no. Det er akkurat slike overraskingar som gjer dette spennande, sa direktør Richard von der Fehr.
– Me treng slike møteplassar
Wergeland Group såg både nye moglegheiter og ny kunnskap i løpet av dagen.
– Me treng å delta meir på slike arenaer. Me må få oversikt over kva som finst lokalt, og me må vise kva me sjølve treng. I dag blei me overraska over fleire som leverer eit breiare spekter av tenester enn me var klar over, sa assisterande konsernsjef Jan Olav Eidsnes.
Han peikar på at denne typen møte gjer det lettare å sjå kvar bedriftene kan støtta kvarandre i større prosjekt.
– Kortreist samarbeid er berekraftig
Framo Flatøy var blant dei som innleia på møtecupen, med eit tydeleg ønske om å styrke samarbeidet med lokale leverandørar.
– Lokale leverandørar er superbra når dei er konkurransedyktige og held den kvaliteten me treng. Det er meir berekraftig, og det gjer oppfølging mykje enklare, sa administrerande direktør Richard Sulen.
– Slik byggjer vi ein sterkare region
Dagleg leiar i Nordhordland Næringslag, Beate S. Korsøen, er svært nøgd med dagen – og med tilbakemeldingane frå bedriftene.
– Å handla lokalt skapar store ringverknader i regionen. Det styrkjer næringslivet, gjev arbeidsplassar og bidreg til at kompetanse og tyngde blir verande her hos oss. Det såg vi verkeleg i møta på Mongstad, seier ho.
Ho meiner dei korte møta fungerer som døråpnarar.
– Når bedrifter får høyre direkte frå kvarandre, blir dei merksame på nye moglegheiter. Nokre møter resulterer i konkret samarbeid, andre såkorn kan veksa vidare gjennom året. Det er nettopp dette vi ønskjer å få til.
Meir av dette framover
Næringslaget planlegg fleire møteplassar framover, og Beate håpar møtecupen blir ein fast tradisjon.
– Det er tydeleg at behovet er der. Næringslivet i Nordhordland har mykje å tilby, og mykje å tene på å sjå kvarandre. Vi kjem til å halde fram med å skapa gode arenaer for samarbeid.
Foto: Fotograf Morten Sæle