Me søkjer «Læring i næring» til Knarvik sjukeheim, då dette kan vere eit bidrag til å gje pasientane våre auka livskvalitet og gode dagar

Sjukeheimstenesta i Alver gir helse og omsorgstenester til dei som har behov og rett på helsehjelp. For å gje gode forsvarlege tenester har me tilsette med ulik kompetanse i avdelingane.

På Knarvik sjukeheim har vi 3 avdelingar.

Avdeling 1: Langtidsavdeling
Avdeling 2: Langtidsavdeling og Korttidsavdeling
Avdeling 3: Korttidsavdeling

Arbeidsoppgåver:

  • Tur med pasient i nærområdet

  • Aktivitetar som for eksempel spel, høgtlesing, vaffelsteiking.

  • Deltaking under måltid

  • Andre enkle praktiske oppgåver som rydding/legge på plass tøy

  • Snakke med pasientane (gode samtalar)

Me ynskjer deg som:

  • Ynskjer å lære meir om helsefag

  • Likar å snakke med andre/er sosiale

Arbeidsplassen vil vere på Knarvik sjukeheim. Me ynskjer 2 stk på kvar avdeling.

Arbeidstid kan være både på dag/ettermiddag og kveld, og kan avtalast med leiar på avdelinga.

Kontaktinfo:

Avdeling 1: Oddvar Holse - tlf: 462 80 004

Søknadsfrist: 9. september 2026