Vi søkjer aktive «Læring i næring»-ungdomar som ønskjer å vere assistentar ved SFO på Leiknes skule
Leiknes skule er ein nyrehabilitert og moderne fulldelt barneskule med om lag 160 elevar og 30 tilsette. Skulen ligg ved Osterfjorden, 7 km køyring frå Knarvik. Skulen er ein DUÅ- skule og jobbar kvar dag mot å nå visjonen vår: «Leiknes skule - meistring og glede i fellesskap.»
Arbeidsoppgåver:
Som assistent hjå oss, vil du ha ansvar for å følgje strukturerte dagsplanar og ta initiativ til spennande aktivitetar og leik med barna. Vi ønskjer at kvar einaste dag skal gi barna glede og meistring.
Kven ser vi etter, og kva skal til for å passe i jobben:
Vi søkjer deg som er flink til å samarbeide med både vaksne og born. Du kan byggje relasjonar og støtte elevane. Du liker å vere i aktivitet og leik med yngre barn, både inne og ute.
Kontaktinformasjon:
Har du spørsmål eller vil vite meir om SFO Leiknes skule? Kontakt SFO – leiar Jeanette Mari Wilsgaard – mobil 45375837.
Søknadsfrist: 9.september