Vi søkjer «Læring i næring»-ungdom til Lindås bu- og servicesenter
Vi søkjer «Læring i næring»-ungdom til Lindås bu- og servicesenter, då vi ser at dette kan vere eit bidrag som er med på å gje bebuarane auka livskvalitet og gode dagar.
Lindås bu- og servicesenter er ein sjukeheim med 25 langtidsplassar fordelt på 17 somatiske plassar og 8 skjerma plassar for personar med demenssjukdom. Vi er glade i aktivitet og at det skjer noko rundt oss som gir glede til både bebuarar og tilsette. Det er ca. 45 tilsette som jobbar her.
Arbeidsoppgåver:
Tur ut med bebuar i hage/nærområde
Aktivitetar som høgtlesing, spele spel, steike vaflar, tegne, spele musikk og lignande
Deltaking under måltid, hjelp med servering og opprydding
Andre enkle praktiske oppgåver som rydding og leggje på plass tøy
Snakke med bebuarar
Vi ønskjer deg som:
Ønskjer å lære meir om helsefag
Likar å snakke med andre/vere sosial
Er pliktoppfyllande
Arbeidsplassen vil vere på Lindås bu og servicesenter, Storbruhaugen 36, 5955 Lindås. Dette er ca 500 m frå Lindås senter.
Kollektivtilbodet i området er ikkje så godt, så det kan vere ein fordel å bu i området eller om du har nokon som kan køyre deg til og frå arbeidsplassen.
Arbeidstid kan vere både på dag, ettermiddag og kveld. Dette avtalast med leiar på avdelinga.
Kontaktinfo:
Har du spørsmål eller vil vite meir om Lindås bu- og servicesenter?
Ta kontakt: Ingrid Låstad Haugland, Einingsleiar Lindås bu- og servicesenter. Telefon:453 75 737
Søknadsfrist: 9.september