Vi søkjer «Læring i næring» ungdom til Lindås barnehage!
Lindås er ein barnehage med 5 avdelingar. 2 småbarnsavdelingar med barn frå 1 -2 år og 3 store avdelingar med barn mellom 3 – 5 år. Barnehagen er open kl. 7 – 16.30.
Arbeidsoppgåver:
• Delta aktivt i leik i lag med barna både ute og inne – kvar dag!
• Hjelpe og støtte barna i:
Måltidssituasjon
Garderobesituasjon
Leik
Samt praktiske oppgaver som å lage til/rydde, før og etter mat, leik og aktivitet.
Barnehagen har eit spesielt fokus på sosial- og emosjonell kompetanse. Vi ønskjer å fremje positivt samspel og relasjonar mellom barna og mellom barn og vaksne, med mål om leik, læring og meistring for alle! Barna er ute å leiker kvar dag og vi bruker bøker aktivt i kvardagen.
Vi søkjer etter deg som:
Trivs i samspel med born og vaksne
Er engasjert og motivert for å bidra i leik og inkludering
Liker ein variert kvardag, med aktivitet inne og ute
Med fokus på barna!
Barnehagen si adresse:Lindås barnehage, Fjellangersvingane 350, 5955 Lindås
Lindås barnehage ligg sentralt på Lindås, i nærleiken til idrettshall, fotballbaner, bibliotek, Barne og ungdomskule. Samt kort gangavstand til næraste buss-stopp. Barnehagen var ny hausten 2021.
Kontaktperson i bedrifta
Styrar: Kristin Olaussen Bredholt Tlf: 90762605
Ass. Styrar: Nina Iren Myster Tlf 92422143
Søknandsfrist: 9. september.