Me søkjer «Læring i næring» - ungdom til omsorgsbustad med heildøgnsbemanning på Ostereidet

På Ostereidet har me omsorgsbustadar med heildøgnsbemanning (OMS+) og ordinær heimeteneste. I omsorgsbustad bur det personar som har behov for helsehjelp, tett oppfølging og bistand i dagleglivet. 

Me søkjer ein motivert deltakar til  «Læring i næring» til omsorgsbustad med heildgnsbemanning. Dette er ein fin mogleghet for deg som ønskjer å utvikle deg, få innblikk i helse- og omsorgsarbeidet, og bidra til ein trygg og meiningsfull kvardag for bebuarane.

Arbeidsoppgåver: 

  • Tur med bebuar i nærområdet

  • Aktivitetar, for eksempel høgtlesing, steike vaflar og høre på musikk

  • Deltaking under måltid

  • Andre enkle praktiske oppgåver som rydding/legge på plass tøy

  • Snakka med bebuarane (gode samtaler)

Me ynskjer deg som: 

  • Ynskjer å lære meir om og har interesse for arbeid innan helse og omsorg

  • Møter mennesker med respekt og verdigheit

  • Er tolmodig og omsorgsfull

  • Liker å snakke med andre/er sosial

Arbeidsplassen vil vere på Ostereidet i omsorgsbolig. Boligen ligg rett ved butikken der bussen stopper. Adressa er Eidavegen 512, 5993 Ostereidet. 

Arbeidstida kan vere både på dag/ettermiddag og kveld og avtalast med leiar i avdelinga.

Kontaktinfo: 

Sølvi Ulvund - Einingsleiar - Mob: 94 50 31 59.

Søknadsfrist: 9.september

Søknadsskjema: