Me søkjer ungdom til «Læring i næring»-arbeid ved Sæbø barneskule

Sæbø barneskule er ein 1-7 skule med ca. 80 elevar. Det er ein flott skule, med god plass til å utfolde seg – både inne og ute. Skulen har SFO-tilbod frå 1.-4. klasse, og det er i dette arbeidet vi er på jakt etter arbeidskraft. Her vil du få jobbe saman med trivelege tilsette, som arbeider aktivt for å skape gode og innhaldsrike dagar for borna på SFO. Det vil vere varierte arbeidsdagar, med fokus på leik og meistring.

Arbeidsoppgåver:

  • Vere med i det daglege arbeidet på SFO ved skulen

  • Vere med i leik og aktivitetar saman med elevane

  • Klargjering og opprydding etter måltid

Me søkjer deg som:

  • Liker å vere saman med barn, både inne og ute

  • Kan vere ein god rollemodell for elevane

  • Er tålmodig og engasjert

Sæbø skule ligg i Austmarka, ca. 20 minuttar med buss frå Knarvik sentrum (retning Radøy). Adressa er Søre Austmarka 2, 5930 Sæbøvågen.

Søknadsfrist: 09. september 2026.

Send mail til rektor ved skulen: karoline.holta.brandseter@alver.kommune.no

Har du spørsmål? Ta kontakt på telefon: 48176777 (rektor) eller 41457185 (LillianLøkvik, SFO-leiar).

Søknadsskjema: