Me søkjer «Læring i næring»-ungdom til SFO på Sagstad skule
SFO er eit tilbod til elevar på 1.–4. trinn før og etter skuletid og i skuleferiane. For å gi eit godt og variert tilbod treng me tilsette med ulik kompetanse og ulike interesser.
Sagstad SFO er open 7.30–16.30, og i skuleferiane kan det vere mellom 30 og 70 elevar på SFO.
Me søkjer «Læring i næring»-ungdom til SFO på Sagstad, då me ser at det kan vere med på å skape engasjement og aktivitetar blant elevane.
Arbeidsoppgåver:
Aktiv deltaking i leik i lag med elevane.
Til dømes teikne, spele fotball, spele spel, vere med på tur osv.
Praktiske oppgåver, til dømes rundt måltid og overgangar frå aktivitetar.
Me ønskjer deg som:
Ønskjer å lære meir om barne- og ungdomsarbeidarfaget
Liker å vere aktiv i lag med born i alderen 6 til 10 år.
Oppmøte vil vere på Sagstad skule på Frekhaug. Arbeidstida kan variere, men vil vere mellom 7.30 og 16.30 i skulen sine feriar.
Kontaktinformasjon:
Astrid Opstad Jacobsen, avdelingsleiar SFO - Telefon: +47 56 17 13 07 / 453 75 209
Søknadsfrist: 9.september