Tilbake til alle arrangementer

Arbeidsliv og folkehelsekonferansen

Velkomen til årets Arbeidsliv og folkehelsekonferansen i Nordhordland på Region Nordhordland Helsehus!

Korleis byggjer vi eit arbeidsliv som er rusta for framtida? Årets konferanse set søkjelys på temaet "Beredt for morgondagen", med fokus på berekraftige arbeidsmiljø, inkludering, leiarskap, psykisk helse, KI og framtidas arbeidsliv.

Program:

08.30 Kaffi, registrering og mingling

Kom og ta deg ein kaffi og ein prat

09.00 Velkomen

Helen Lundberg, nestleiar i styret i Nordhordland Næringslag opnar konferansen.

Nordhordland og verda, no og framover

May-Lynn Osland, ordførar i Gulen, gjev oss sitt blikk på Nordhordland og verda no og framover.

Endringar til det betre? Panelsamtale

I denne debatten ser vi framover og på korleis vi må førebu oss på nokre av endringane knytt til arbeid og helse som nyleg er innførte. Bedrifter med tariffavtale må no forskottere sjukepengar til dei tilsette og få refusjon frå Nav i etterkant.

Kva konsekvensar får dette for verksemdene? Og kva ansvar har Nav? Legane får sterkare insentiv til å nytte gradert sjukmelding, men har dei gode nok føresetnader for å vurdere kva slags tilrettelegging som faktisk er mogleg på arbeidsplassen til pasienten?

Til slutt er det no tydelegare krav i arbeidsmiljølova om å arbeide systematisk for eit fullt forsvarleg psykososialt arbeidsmiljø. Korleis kan verksemdene gjere dette i praksis, og kva effektar kan vi vente oss?

Dette vert hovedtemaene i panelsamtale med Bjarte Hysing-Olsen, direktør Nav Vestland, Rolf M. Tande, lege og Cecilie Aarland, HR-leiar Romarheim AS.

Moderator: Berit Angelskår, klyngeleiar Alrek helseklynge

Pause

Pause og mingling

Leiing på framtidas arbeidsplass

Åshild Mongstad, lektor v/ Høyskolen Kristiania, forfattar og leiarutviklar

Kva skal til for at tilsette trivst, blir verande og held seg friske? Få konkret innsikt i korleis bedrifter kan byggje gode arbeidsmiljø som førebyggjer turnover og sjukefråvær. Mongstad er utdanna sjukepleiar og sosialantropolog. Ho har brei erfaring frå leiarroller i praksis, og i tillegg til å undervise i leiarskap arbeider ho som organisasjons- og leiarutviklar.

Leiing i livsfasar

Silje Mæland, professor ved Universitetet i Bergen og leiar av Nasjonalt fagråd for arbeid og helse

Silje Mæland er utdanna fysioterapeut og har forska på arbeid, helse og sjukefråvær i ei årrekke. Ho leiar no to arbeidspakkar i forskningsprosjektet KLAR – Kvinnehelse, overgangsalder og arbeidslivsdeltaking ved Universitetet i Bergen. Kvart år går nærmare 30 000 kvinner inn i overgangsalderen og ein kan forvente at 30 % av desse får betydelege helseplager. Er arbeidslivet beredt på å ivareta arbeidskrafta i denne livsfasen?

Inkluderande arbeidsliv i praksis – samarbeid som skapar moglegheiter

Hilde Grøteide Emblem, leiar for HR og løn i Alver kommune vil i dette innlegget fortelje om korleis dei arbeidar for å få eit inkluderande arbeidsliv.

11.40 Lunsj

Lunsj blir servert av Gløde

12.25 Det viktigaste er å få vanlege menneske til å gjere ein uvanleg god jobb

Håvard Kvarme, HR rådgjevar, Aker Solutions

Kvarme har arbeidd med HR i ei årrekkje. Han har samarbeidd tett med Nav og vore med på å utvikle eit system for inkludering i Aker Solutions. I fjor mottok han heidersprisen for arbeidet med inkludering av personar med funksjonsnedsetting. Vi får høyre hans innspel på korleis ein kan få vanlege menneske til å gjere ein uvanleg god jobb.

HelseIArbeid: Kva, for kven og korleis

Reidun Eggesbø, Nav arbeidslivssenter Vestland

IA bransjeprogram: Bransjeprogram som ein del av løysinga

Cedric Lionel Valentin, prosjektmedarbeidar og seniorrådgjevar, KS

Valentin jobbar med KS sitt IA bransjeprogram for sjukeheimar og heimetenesta.

Pause

Pause og mingling

KI og morgondagens arbeidsliv – kva tyder det for inkludering?

Bente Valland, organisasjonsutviklar i Sopra Steria

Valland er forretningsrådgjevar innan organisasjons-, endrings- og leiarutvikling. Gjennom ei rekkje prosjekt har ho opparbeidd seg brei erfaring med korleis kunstig intelligens blir teken i bruk i organisasjonar, frå toppleiinga til medarbeidarane. Bente vil snakke om KI og endringsleiing, dele konkrete grep for å treffe riktig med KI-bruken – og for å få medarbeidarane til både å meistre, og faktisk få lyst til, å ta i bruk KI i jobben.

Tilhøyrsle er ikkje noko HR kan bestille før lunsj

Daniel Getaneh Hatland, forfattar, føredragshaldar og samfunnsdebattant

Hatland er ein prisbelønt foredragshaldar og ei profilert stemme innan mangfalds- og inkluderingsarbeid. Han kombinerer fagleg innsikt, praktisk erfaring og personlege perspektiv i arbeidet sitt, og har bistått ei rekkje organisasjonar i både privat og offentleg sektor med mangfalds- og inkluderingsarbeid. Vi gler oss til å høyre innlegget hans om tilhøyrsle på arbeidsplassen.

14.55 Avslutning og vel heim

Konferansen samlar leiarar, tillitsvalde, verneombod, HR- tilsette og fagpersonar innan helse til ein inspirerande dag med fagleg påfyll, refleksjon og gode møtepunkt på tvers av sektorar.


Praktisk informasjon:
Det er avgrensa tilgang til parkeringsplassar på Helsehuset. Vi oppmodar dei som har høve til det, om å nytte kollektivtransport til Knarvik bussterminal (buss 300). Det er mogleg å parkere på Amfi Knarvik eller ved den gamle bussterminalen.


Servering: Lunsj, frukt, kaffi, te


Pris pr. deltakar: Kr 400,-

Velkomen til ein dag med innsikt, inspirasjon og konkrete perspektiv på korleis vi saman kan verte betre rusta for morgondagen.

Forrige
Forrige
16. september

Ledernettverket Tryggare styring

Neste
Neste
21. oktober

Samling: LINK