Prosjektet «Fra rød til grønn kyst - Kunnskapsinnhenting for bærekraftig omstilling av havbruksaktiviteten i Vestland» vil snart vere klar med ein rapport, men ein førebels hovudkonklusjon i rapporten er:
“Prosjektet konkluderer med at det går an å komme fra rødt til grønt Vestland når det gjelder lakselus i hht Trafikklyssystemet gjennom målrettet samarbeid over tid. De bioøkonomiske vurderingene viser imidlertid at selve omstillingsprosessen vil være kostbar og komplisert, men en ny grønn likevekt kan gi betydelig større verdiskaping totalt sett, og lønnsomhet.”
Region Nordhordland og Nordhordland Næringslag ser difor eit stort behov for å samle næringa og Regionrådet (ordførarane) i regionen til eit felles møte der vi kan få presentert rapporten og kva som er av moglegheiter.
Korleis skal regionen her vere med å få realisert naudsynt omstilling?
Program:
Velkommen/innleiing
Lars Fjeldstad, leiar i Regionrådet Nordhordland
Nordhordland Næringslag og havbruksgruppa
Beate S. Korsøen, dagleg leiar i Nordhordland Næringslag og Vidar Hjartnes, Eide Fjordbruk/ havbruksgruppa
Kva endringar må gjerast for at Vestland skal gå frå raudt til grønt?
Geir Lasse Taranger, Havforskingsinstituttet og Ketil Skår, Veterinærinstituttet
Kva betyr strategisk lukking av lokalitetar – og kvifor kan det vere ei løysing?
Mats Huserbråten, Havforskingsinstituttet
Korleis kan dette realiserast både bedriftsøkonomisk og samfunnsøkonomisk?
Professor Bård Misund / professor Ragnar Tveterås
Korleis vil næringa i Region Nordhordland bidra? Korleis kan næringa og Regionrådet arbeide best saman for å nå felles mål?
Terje Breivik, Lingalaks og Lars Fjeldstad, Regionrådet
Plan for vidare arbeid? Kven gjer kva? Korleis organisere arbeidet?
Tid: Måndag 19. februar kl. 09:30 - 12:00. Kaffi frå kl. 09:00
Stad: Region Nordhordland Helsehus, 6. etg., møterom Nordhordland
Påmelding til: bent.gunnar.naess@regionnordhordland.no innan 9. februar
Kontaktperson: Bent Gunnar Næss, mobil 481 24 623, bent.gunnar.naess@regionnordhordland.no
Arrangør: Region Nordhordland IKS / Regionrådet Nordhordland og Nordhordland Næringslag
Foto: Havforskingsinstituttet