Tilbake til alle arrangementer

Frivilligbørs

Frivilligbørs er ein energisk og uformell møteplass der frivillige organisasjonar, offentlege tenester og lokalt næringsliv møtest for å skape nye samarbeid.

På Frivilligbørs byter vi ikkje pengar – men kompetanse, erfaring, nettverk, utstyr, praktisk hjelp, idéar og kreativitet. På berre eit par timar vert det skapt lokale nettverk, nye moglegheiter og konkrete samarbeidsavtalar mellom ulike aktørar.


Kvifor delta som bedrift?

  • De kan bidra til lokalsamfunnet på nye og engasjerande måtar

  • De får vist samfunnsansvar på ein synleg og positiv arena

  • De møter frivillige og andre aktørar som kan tilby nyttige ressursar

  • De knyter kontakter som kan føre til både utvikling og nye idéar

Døme på “handel”

Bedrifta tilbyr: Utlån av verktøy, transport, teknisk utstyr eller overskotsvarer som kan nyttast av lag og foreiningar.

Bedrifta får tilbake: Frivillig innsats til dømes i form av ei dugnadsøkt ved bedrifta, som tilrettelegging av uteområdet eller hjelp til å arrangere ein familiedag for tilsette.

Bedrifta tilbyr: Ein time enkel juridisk rådgjeving / hjelp til budsjettering / kurs i digital marknadsføring for ein lokal frivillig organisasjon.

Bedrifta får tilbake: Synleggjering som støttespelar i organisasjonen sine kanalar, og ein invitasjon til å delta på ein intern frivilligdag som styrkar samfunnsprofilen.

Bedrifta tilbyr: Låne ut møterom eller kantine ein ettermiddag i månaden til ein ungdomsklubb eller foreldregruppe.

Bedrift får tilbake: Enkel kurskveld i samarbeid med frivillige om mangfald, inkludering eller beredskap – nyttig kompetanse for eigne tilsette.

Informasjon

Arrangementet er gratis, men krev påmelding.

Les meir om arrangementet og meld deg på her: Kva skjer i Alver?

Her kan du få ei lita innføring i kva ein frivilligbørs er: https://youtu.be/x-odRbjl_A8

Program for kvelden

17.45: Registrering

18.00–18.15: Velkomst og spelereglar

18.15–18.45: Plakatverkstad

18.45–19.45: Frivilligbørs – mingling og avtalar

19.45–20.00: Oppsummering

I Alver har vi mange gode krefter – på Frivilligbørsen kan vi møtast, dele ressursar og saman skape nye, kreative og verdifulle samarbeid for heile lokalsamfunnet.

Spørsmål? Ta kontakt med:

Alver Frivilligsentralar

v/ Nina Randal

Telefon: 45 32 44 64

Forrige
Forrige
19. februar

AI som verktøy i salg og service