Tilbake til alle arrangementer

Havbruksnæringa i endring

  • Skjerjehamn Ånneland, Vestland Norway (kart)

Invitasjon: Havbruksnæringa i endring

Bransjegruppe Havbruk inviterer til eit møte om situasjonen for havbruksnæringa i regionen. Vi ønskjer velkomen alle i oppdrettsnæringa, leverandørar og andre interesserte til ein ettermiddag med informasjon, moglegheit til å stille spørsmål og knytte kontakt med andre i bransjen.

Havbruksnæringa i regionen har til no mista 18 % av produksjonsvolumet sitt. Det er venta endringar i forvaltninga av næringa, der trafikklyssystemet er sagt å skulle erstattast med eit meir treffsikkert system der det blir stilt krav til den enkelte aktør. Samstundes har regjeringa innført ei miljøteknologiordning som skal gje produsentane tilgang på det inndregne volumet. Vi samlar difor bransjen for å gje ei oppdatering på kva som skjer, og kva det betyr for aktørane i regionen.

DATO: 31. august kl 12.00-16.00
STAD: Skjerjehamn





Program:

12.00: Lunsj


13.00: Velkommen

Øyvind Kråkås, leiar i bransjegruppe Havbruk og samfunnskontakt Firda Seafood Group

Lina Braanaas Utne, adm. dir. Firda Seafood

Frå Raudt til Grønt – kva gjer vi no? Korleis kjem vi i gong med tiltak?

Ragnar Tveterås, professor Universitetet i Stavanger

Ketil Skår, seniorrådgiver Veterinærinstituttet

Spørsmål og diskusjon

John Anton Gladsø, Vestland fylkeskommune

Havbruksmeldinga og miljøteknologiordninga

Gerd Aaland Fagerli, advokat/partnar Harris Advokatfirma og leiar av Advokatforeningen sitt lovutval for fangst, fiske og havbruk

Gerd Aaland Fagerli har sidan 2022 vore leiar av Advokatforeningens lovutvalg for fangst, fiskeri og havbruk. Før det var ho medlem av lovutvalet frå 2019–2022. Lovutvala utarbeider forslag til høyringsuttaler, følgjer med i lovgivingsarbeidet og yter råd innanfor sitt fagområde.

Gerd har spisskompetanse på havbruk. Ho har fleire års erfaring som rådgjevar og seinare seniorrådgjevar ved Kyst- og havbruksavdelinga, Fiskeridirektoratet.

Trafikklyssystemets regulatoriske årsakskjede

Henrik Hareide, partner Aqknowledge

Henrik Hareide har lang erfaring frå leiande roller innen forvaltning og sjømatnæring, med særleg kompetanse innan akvakultur, bærekraftig utvikling og god forvaltning. Han har jobba i skjæringspunktet mellom fag, næring og politikk, og har solid innsikt i både strategiske og operative prosessar i sjømatsektoren.

Henrik hjelper selskap med forvaltningsprosessar og regulatorisk risiko, rammebetingelsar, fagleg grunnlag og analyse, og utvikling av ansvarlege forretningsmodellar. Han har hovudfag i samfunnsgeografi frå Universitetet i Bergen, med fokus på politisk geografi og bærekraft.

Oppsummering, spørsmål og diskusjon

Programmet blir leia av Øyvind Kråkås.

Etter møtet er det mogleg å kjøpe middag på Skjerjehamn. Nyt utsøkt mat i vakre omgjevnader – staden er kjent for sin gode mat og lokale råvarer.

Deretter kan du bli med på ei unik og fartsfylt oppleving der du får eit nært innblikk i moderne oppdrett av fjordørret! Bli med på RIB-tur ut til oppdrettsanlegget. Her får du lære om berekraftig matproduksjon i havet – tett på naturen og med høgt fokus på dyrevelferd og miljø.

Ønsker du middag og/eller RIB-tur? Send ein e-post til hildegunn@nonl.no

1. september blir Skjerjehamn-konferansen arrangert, og vi oppmodar til å bli igjen til neste dag og få med seg denne.

Forrige
Forrige
10. juni

Industridagen

Neste
Neste
16. september

Ledernettverket Tryggare styring