Tilbake til alle arrangementer
Hydrogen er forventa å bli ein av dei viktige energiberarane når verda gradvis går frå fossil til fornybar energi. Industrigruppa i Nordhordland Næringslag inviterer til eit digitalt seminar der vi fokuserer på fakta om hydrogen og kva moglegheiter dette kan gje for Nordhordland. Vi får også høyre litt om havvind.
Program:
Scenarioanalysen for næringslivet i Vestland
Vegard Sjursen, prosjektleder/director EY
«Grunnkurs» i hydrogen: Produksjonsmetodar, bruksområde i framtida og kommersielle forventningar
Trond Strømgren, seniorrådgivar fornybar energi og hydrogen verdikjede, Ocean Hyway Cluster
Greenspot Mongstad, framtid eller luftslott?
Baste Tveito, dagleg leiar Nordhordland Næringslag
Base for havvind – Wergelandgruppa
Irene Wergeland, konsernsjef Wergelandgruppa
Spørsmål/svar og oppsummering
Plattform: Teams
Det blir sendt ut lenke til alle påmeldte i forkant av seminaret.
Påmelding: Send e-post til hildegunn@nonl.no for å delta.