Tilbake til alle arrangementer

Plan- og byggesakskonferansen 2025

Korleis kan vi planlegge og bygge bustader som møter framtidas krav til økonomi, berekraft og fellesskap? På Plan- og byggesakskonferansen 2025 set vi søkelyset på aktuelle utfordringar og smarte løysingar innan byggesak, bustadutvikling og arealforvaltning.

Gjennom dagen får du konkrete råd for å effektivisere byggesøknader, ny innsikt i alternative buformer, inspirerande døme på gjenbruk av bygg og eit blikk på korleis kommunar brukar droner i arbeidsdagen. Du får òg med deg siste nytt frå Husbanken og krav til vatn og avløp i byggesaka.

Konferansen er retta mot tilsette i kommunar og privat næringsliv som jobbar med plan, byggesak, samfunnsutvikling, eigedom og bustadutbygging. Målet med konferansen er å tilby ein møteplass på tvers av fagområda og styrke samarbeidet mellom dei offentlege og private aktørane. 

Vi byr på ei god blanding av fagleg påfyll, erfaringsdeling og tid til prat over kaffi og lunsj.

Program

08.45–09.00: Registrering og kaffe

09.00: Velkomen 
May-Lynn Osland, ordførar i Gulen kommune

Korleis spare tid og pengar på byggesøknadar?
Advokatfirmaet Kyrre

Krav til vatn og avløp i byggesøknaden
Torkjell Holm Brenna, Alver kommune

10.10: Pause

Kan ein generasjonsvennleg ComfortPark, og ein meir samfunnsvennleg
eigarmodell ruste våre kommunar for morgondagen sine utfordringar?
Dagleg leiar John Reidar Johansen, Comfort Gruppen SA og Sturle J. Monstad, dagleg
leiar Trygghetsbolig AS

Knarvikplanen - erfaring med grøn overflatefaktor i utviklinga av Knarvik
Trude Langedal, Plan og utvikling, Alver kommune

11:30: Lunsj

Kva bustadar vil folk ha?

  • V2 Bygg AS presenterer sitt bustadprosjekt i Mastrevik

  • Reknes Byggjevarer LL presenterer planar for gamleheimen på Masfjordnes

  • Orion Prosjekt presenterer bustadutvikling i Knarvik

Råd til gode dispensasjonssøknadar

Marianne Sandvik i Harris Advokatfirma

13.30: Pause

Flygande framtid: Bruk av droner i kommunane
Kjersti Soltvedt, Masfjorden kommune og Alf Kvant, Austrheim kommune

Finansieringsordningar som fører til meir bustadbygging
Bjarte Bøe Alræk, Husbanken

14.45: Slutt

 

23. september kl 08.45-14.45
Region Nordhordland Helsehus, Knarvik (6. etg)
Pris: Kr 400,-

 

Arr.: Nordhordland Digitalt, Region Nordhordland og Nordhordland Næringslag

Forrige
Forrige
17. september

Samling i Tryggare styring