Vil fortelje spennande historier saman med oss i Avisa Nordhordland?
Vi dekker små og store hendingar i Nordhordland og ønsker alltidå vere først når det skjer. Hos oss møter du ein ung og open gjeng som brenn for journalistikken. Her har du sjansen til å sjå korleis ei mediebedrift fungerer.
Arbeidsoppgåver:
Her får du ein spennande kvardag der du er på farten saman med journalistane våre. Du skal få gjere varierte oppgåver innan medieproduksjon, og du vil få opplæring i intervju, skriving og foto.
Kven ser vi etter og kva skal til for å passe i jobben:
Ingen forkunnskapar er nødvendig. Det viktigaste er at du er nysgjerrig, interessert og har lyst til å fortelje historier med både bilete, tekst og video. Du må trivast med ein variert kvardag der ting skjer raskt.
Kontaktperson:
Vegard Flatøy - tel.: 926 78 283
Søknadsfrist: 9.september