Me søkjer «Læring i næring»-ungdom til arbeidsplass hos Byggtorget Kålås Bygg
Om arbeidsplassen
Byggtorget Kålås Bygg er ein lokal byggevarehandel som leverer byggjematerialar, verktøy og utstyr til både privatkundar og profesjonelle handverkarar. Hos oss møter du kundar og aktivitet kvar dag. Du får oppleva logistikk i praksis og sjå korleis eit moderne byggevarehus fungerer.
Gjennom «Læring i Næring» ønskjer me å gi ungdom eit innblikk i arbeidslivet og vise kva moglegheiter som finst innan varehandel, logistikk og kundeservice.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene blir tilpassa ungdom mellom 14 og 15 år og krev ikkje tidlegare arbeidserfaring.
Hjelpe til med rydding og orden i butikk og på lager
Påfylling og organisering av varer i butikk
Sortering og enkel handtering av varer på lager
Klargjering av varer til kundar og utlevering saman med tilsette
Hjelpe til med enkle praktiske oppgåver i kvardagen
Bli kjend med korleis ein byggevarehandel fungerer
Me søkjer deg som
Er positiv og serviceinnstilt
Likar å vere aktiv og ta i eit tak
Er påliteleg og møter presis
Likar å samarbeide med andre
Er nysgjerrig på arbeidslivet og ønskjer å lære nye ting
Tek ansvar for oppgåvene du får
Arbeidsstad og periode
Arbeidsplassen vil vere hos Byggtorget Kålås Bygg i butikk/lager. Vi heldt til på Torvhusmyrane i Nordhordland Næringspark på Eikanger.
For nærare opplysningar
Kontaktperson Hilde Alver, mobil: 41 40 53 76.
Me ønskjer å gi ungdom ein spennande og lærerik introduksjon til arbeidslivet og håper å høyre frå deg!
Søknadsfrist: 9.september