No søkjer vi ungdom til arbeid gjennom prosjektet «Læring i næring»

Gløde er ein arbeidsplass der vi hjelper folk med å kome ut i jobb. Hos oss får folk prøve seg i ulike arbeidsoppgåver, lære nye ting og finne ut kva dei er gode på. I Gløde jobbar det folk som til dømes lagar mat, sørgjer for at varer kjem fram, og gir nytt liv ,til datautstyr.

Hos oss er det viktig at:

  • alle får ein sjanse

  • alle kan lære og utvikle seg

  • vi heiar på kvarandre

Vil du prøve deg i arbeidslivet – og få ein smakebit på korleis ein ekte jobb er?

Vi søkjer to ungdommar til ei spennande praksisveke gjennom prosjektet Læring i næring! Hos oss får du vere med på ekte arbeidsoppgåver, bli kjent med kjekke folk, og lære ting du ikkje får på skulen. Vi ønskjer å gi deg ei trygg og lærerik oppleving, der du får prøve, lære og bidra!

Kvar kan du jobbe?

Du kan få praksis på eitt av desse områda:

1. Kafé Helsehuset (Knarvik)

  • Jobb i kafé/kantine med enkel matlaging og kundekontakt.

2. Internkantine (Frekhaug)

  • Jobb i internkantina med enkel matlaging og litt kundekontakt.

3. Logistikk / lager (Mjåtveit, eller fruktlager på Frekhaug)

  • Pakking av varer, orden på lager og enkel logistikk.

4. Gløde Data

  • Her jobbar vi med å gi nytt liv til brukte PC-ar – til dømes demontering, reinhald og enkel installasjon.

Arbeidsoppgåver

Oppgåvene blir tilpassa deg, men kan vere:

  • Hjelpe til på kjøkken (lage enkel mat, rydde, vaske)

  • Servere og møte kundar

  • Pakke og sortere varer

  • Halde orden og bidra til eit ryddig arbeidsmiljø

  • Enkel jobbing med data (for deg som vel Gløde Data)

Kva ser vi etter?

Du treng ikkje erfaring – det viktigaste er kven du er, og:

  • Møter opp til avtalt tid

  • Er positiv og vil lære noko nytt

  • Tar ansvar for enkle oppgåver

  • Er hyggeleg mot kundar og kollegaer

  • For kjøkken/kafé: du likar å vere på kjøkken og jobbe med mat

  • For data/logistikk: du er nysgjerrig og likar praktiske oppgåver

Arbeidsstad

  • Kafé Helsehuset, Knarvik

  • Frekhaug (internkantine)

  • Mjåtveit/Frekhaug (logistikk/lager/frukt/Gløde Data)

(Skriv gjerne i søknaden kvar du helst vil vere.)

Kontaktperson

Har du spørsmål? Ta kontakt med Vibeke (administrasjonsleiar/nestleiar) på tlf. 483 11 275.

Vi gler oss til å bli kjent med deg!

Søknadsfrist: 9. september.

Søknadsskjema: