Vi søkjer inntil tre «Læring i næring» ungdomar som vil jobbe med born i barnehage eller SFO

Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen. 

I Gulen kommune er det mange ulike og viktige arbeidsoppgåver som skal utførast, alt frå pedagogisk arbeid i barnehage, SFO og skule, til reinhald, vaktmeisteroppgåver, oppgåver på ein sjukeheim og ute i heimetenesta, oppgåver på legekontoret, administrative oppgåver, barnevern og mykje, mykje meir.

Denne stillingsannonsen gjeld å jobbe med born i barnehage eller SFO ved Brekke barnehage og skule.

Vi søkjer deg som:

  • Er glad i born

  • Er positiv innstilt og tolmodig

  • Likar å «hoppe til» når noko må gjerast

  • Tek ansvar

Vi tilbyr ei unik moglegheit til å lære å arbeide med folk, små og store, i ein jobb der ein verkeleg betyr noko for andre. Du får god opplæring og blir del av ein kjekk gjeng!

Vil du vite meir om Gulen kommune ? Sjå vår nettside Gulen kommune.

Søknadsfrist: 9.september

Søknadsskjema: