Me søkjer «læring i næring» ungdom til arbeidsplass
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.
I Gulen kommune er det mange ulike og viktige arbeidsoppgåver som skal utførast, alt frå pedagogisk arbeid i barnehage, SFO og skule, til reinhald, vaktmeisteroppgåver, oppgåver på ein sjukeheim og ute i heimetenesta, oppgåver på legekontoret, administrative oppgåver, barnevern og mykje, mykje meir.
I “Læring i Næring” i denne runden er det arbeid ved Dalsøyra og Byrknes barnehage som er aktuelt. Dette er søknad for Dalsøyra barnehage.
Arbeidsoppgåver:
Delta i aktivitetar og leik saman med barna inne og ute
Lage til og rydde opp etter måltid
Hjelpe barn med påkledning og andre praktiske oppgåver
Me søkjer deg som:
Er motivert for å jobbe i barnehage
Likar å vere i aktivitet med barn
Er god på å snakke med barn, og finn glede av å vere ute i alt salgs vær
Adresse: Dalsøyra barnehage: Dalsbygda 54, 5960 Dalsøyra
Kontaktperson:
Anne Marit Brekke Oppedal
Avdelingsleiar Dalsøyra barnehage og skule, avdeling Dalsøyra barnehage
Tlf: +4757781726
Vil du vite meir om Gulen kommune? Sjå vår nettside Gulen kommune. Klikk deg inn her for å lese og sjå bilete av Dalsøyra barnehage.