Vi søker etter ein engasjert og omsorgsfull «Læring i næring» ungdom som kan bidra i Dalsøyra skule SFO
Dalsøyra skule er ein trygg og inkluderande møteplass for barn i lokalmiljøet. Hos oss legg vi vekt på trivsel, leik, læring og gode relasjonar. Vi ønskjer å skapa ein kvardag der barna opplever meistring, glede og utvikling. Du vil bli ein del av eit inkluderande arbeidsmiljø med fokus på samarbeid, tryggleik og positiv utvikling for både barn og tilsette.
Arbeidsoppgåver:
Du vil få delta i daglege aktivitetar saman med barna i SFO. Arbeidet inneber mellom anna å vera med i leik og aktivitetar, hjelpa til ved måltid og praktiske oppgåver, samt bidra til eit trygt og godt miljø for barna. Du vil få rettleiing og opplæring av erfarne tilsette.
Kven ser vi etter og kva skal til for å passe i jobben:
Du treng ikkje forkunnskapar, men det er viktig at du er glad i barn, likar å vera aktiv og er omsorgsfull og ansvarleg. Du bør kunna samarbeida godt med andre, og trivast med varierte dagar både inne og ute.
Kontaktperson:
Har du spørsmål eller ønskjer å vita meir om stillinga i Dalsøyra skule SFO kan du ta kontakt med:
Solveig Kristine Haveland einingsleiar, SFO, tlf: 57781721.
Søknadsfrist: 9.september