Me søkjer «Læring i næring» ungdom til Eivindvik barnehage og SFO
Om stillinga:
Eivindvik barnehage og SFO søkjer etter ungdom som ønskjer å få arbeidserfaring i trygge og lærerike omgjevnader. Gjennom ordninga «Læring i arbeid» ønskjer vi å gi ungdom innblikk i arbeid med barn.
Arbeidsoppgåver:
Delta i leik og aktivitetar saman med barna
Hjelpe til ved måltid og enkle praktiske oppgåver
Bidra til rydding og orden inne og ute
Vere ein trygg og positiv rollemodell for barna
Delta i aktivitetar ute og inne saman med tilsette
Kvalifikasjonar
Det er ikkje krav om erfaring eller utdanning.
Personlege eigenskapar:
Liker å vere saman med barn
Er omsorgsfull og ansvarsbevisst
Er positiv og samarbeidsvillig
Liker å vere i aktivitet
Trivst både ute og inne
Vi tilbyr:
Trygg og inkluderande arbeidsplass
Opplæring og rettleiing
Verdifull arbeidserfaring
Eit godt arbeidsmiljø
Praktisk informasjon
Det er viktig å kunne kome seg til og frå arbeidsplassen.
Kontakt
For spørsmål om stillinga, kontakt einingsleiar ved Eivindvik barnehage og SFO tlf. 94826408.
Om Gulen kommune
Gulen kommune arbeider for gode oppvekstvilkår og eit inkluderande lokalsamfunn. Les meir på www.gulen.kommune.no
Søknadsfrist: 9. september 2026