Me søkjer «Læring i næring» ungdom til arbeidsplass

Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen. 

I Gulen kommune er det mange ulike og viktige arbeidsoppgåver som skal utførast, alt frå pedagogisk arbeid i barnehage, SFO og skule, til reinhald, vaktmeisteroppgåver, oppgåver på ein sjukeheim og ute i heimetenesta, oppgåver på legekontoret, administrative oppgåver, barnevern og mykje, mykje meir.

I “Læring i Næring” kan du søke arbeid ved Sone Eivindvik-Gulen sjukeheim, og denne stillingsannonsen gjeld Dementavdelinga på Gulen sjukeheim. Vi kaller denne avdelinga Diamanten.

På Diamanten kan du få arbeidsoppgåver som:

  • Vere pleiemedhjelpar i stell av demente pasientar saman med ein pleiar

  • Delta i måltida, servere mat, hjelpe til med å tilrettelegge slik at pasienten klarar å ete sjølv, og eventuelt hjelpe dei med maten.

  • Trene/gå tur med pasientar

  • Vere sosial og vere med på trimstund/aktivitetsstund saman med pasientane, sansestimulering

  • Delta i dei daglege aktivitetane på ei demensavdeling

Vi søker deg som: 

  • Er motivert for å hjelpe andre menneske

  • Er lærevillig, ønskjer å gjere ein god jobb, og tørr å stille spørsmål

  • Stiller på jobb til rett tid med godt humør og arbeidslyst

  • Ikkje er redd for å samtale med personar som mista hukommelsen, og som er tålmodig og omsorgsfull.

Dei som skal jobbe hjå oss er sjølv ansvarlige for skyss til og frå arbeidsplassen.

Adresse: Eivindvikvegen 1149, 5966 Eivindvik.

Kontaktperson:

Sissel Anita Kvame, nestleiar Sone Eivindvik-Gulen sjukeheim - Tlf.: 57781603 / 90024805. Avdelinga: 45871556.

Vil du vite meir om Gulen kommune? Sjå vår nettside Gulen kommune.

Søknadsfrist: 9.september

Søknadsskjema: