Me søkjer «Læring i næring» ungdom til arbeidsplass

Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen. 

I Gulen kommune er det mange ulike og viktige arbeidsoppgåver som skal utførast, alt frå pedagogisk arbeid i barnehage, SFO og skule, til reinhald, vaktmeisteroppgåver, oppgåver på ein sjukeheim og ute i heimetenesta, oppgåver på legekontoret, administrative oppgåver, barnevern og mykje, mykje meir.

I “Læring i Næring” kan du søke arbeid ved Sone Eivindvik-Gulen sjukeheim, og denne stillingsannonsen gjeld Sone Eivindvik, heimetenesta i Eivindvik, som er lokalisert på Eivindvik bu og omsorgssenter. (EBO)

I heimetenesta kan du delta i arbeidsoppgåver som:

  • Vere pleiemedhjelpar i stell av pasientar saman med ein pleiar, i omsorgsleilegheiter eller i pasienten sin eigen heim.

  • Vere med ut i heimane på ulike oppdrag, som tildømes vask av hus, dagleg tilsyn for å sjå at dei har det bra, levering av varer/middag etc.

  • Delta i tilberedelse av måltida, servere mat, hjelpe til med å tilrettelegge slik at pasienten klarar å ete sjølv, og eventuelt hjelpe dei med maten.

  • Trene/gå tur med pasientar

  • Vere sosial og finne på aktivitetar med dei som bur på bu og omsorgssenteret.

  • Delta i dei daglege aktivitetane i heimetenesta

Vi søker deg som: 

  • Er motivert for å hjelpe andre menneske

  • Er lærevillig, ønskjer å gjere ein god jobb, og tørr å stille spørsmål

  • Stiller på jobb til rett tid med godt humør og arbeidslyst

  • Liker å vere med i bil rundt i heimetenesta

Dei som skal jobbe hjå oss er sjølv ansvarlige for skyss til og frå arbeidsplassen.

Adresse: Eivindvikvegen 1066, 5966 Eivindvik.

Kontaktperson:

Sissel Anita Kvame, nestleiar Sone Eivindvik-Gulen sjukeheim - Tlf.: 57781603 / 90024805.

Eventuelt Joy Palmer, avdelingssjukepleiar Sone Eivindvik - Tlf.: 57781620 / 46961886.

Vil du vite meir om Gulen kommune? Sjå vår nettside Gulen kommune.

Søknadsfrist: 9.september

Søknadsskjema: