Vi søker etter ein engasjert «Læring i næring»-ungdom som ønskjer å bidra i heimesjukepleien i sone BBD
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.
I Gulen kommune er det mange ulike og viktige arbeidsoppgåver som skal utførast, alt frå pedagogisk arbeid i barnehage, SFO og skule, til reinhald, vaktmeisteroppgåver, oppgåver på ein sjukeheim og ute i heimetenesta, oppgåver på legekontoret, administrative oppgåver, barnevern og mykje, mykje meir.
Sone BBD, heimesjukepleien i Brekke, Byrknes og Dalsøyra har i år tre stillingar i "læring i næring", ei stilling på kvar stad. Det er derfor viktig at du skriv i søknaden din om du ynskjer å jobbe ved Brekke bu- og omsorgssenter, Byrknes bu- og omsorgssenter eller Dalsøyra bu- og omsorgssenter
Arbeidsoppgåver:
Her får du ta del i arbeidsoppgåver som er knytt tenestemottakarane, samt praktiske oppgåver på omsorgssentra. Det kan vere blant anna hjelpe/veilede tenestemottakarane med pleie/påkledning, tilrettelegge måltid og praktisk bistand reingjering. Praktiske oppgåver i avdelingane går ut på blant anna reingjering, ta imot og sette på plass bestillingar av matvarer, forbruksmateriell osv.
Me søkjer deg som:
Kjem på arbeid til avtala tid
Har fokus på arbeidsoppgåvene dine gjennom heile arbeidsdagen
Trives saman med og kommuniserer godt med menneske i ulik alder
Tek initiativ, er lærevillig og har omsorg for andre
Kontaktperson:
Har du spørsmål eller vil vite meir om sone BBD? Ta kontakt med einingsleiar Aina Furebotn - mobil 47453859.
Søknadsfrist: 9.september