Læring i næring for ungdom 14–15 år – Kultur og mangfald i Gulen kommune

Har du lyst til å finne på kjekke ting, møte folk og vere med der det skjer? Då kan dette vere noko for deg.

Gulen kommune søkjer ungdom til Læring i næring innan Kultur og mangfald. Her får du vere med på ulike aktivitetar og opplegg, og ingen dagar treng å vere heilt like.

Du får mellom anna vere med på:

  • aktivitetar for born og eldre gjennom Gulen frivilligsentral

  • å halde ope Biblioteket og lage eigne tema eller aktivitetar, til dømes filmkveld/teikneverkstad eller anna for born

  • aktivitetar i integreringstenesta for flyktningar

  • å jobbe med sosiale medium og publisere informasjon om aktivitetar

Andre oppgåver kan òg kome til.

Vi ser etter deg som:

  • likar at det skjer noko og vil vere med

  • har pågangsmot

  • likar å vere saman med born og unge

  • er kreativ og sjølvstendig

Arbeidsplass:

Gulen kommune, Kultur og mangfald. Vi jobbar i alle fire skulekretsane, så vi kan vere fleksibel på kva bygd du ynskjer jobbe i.

Kontaktperson:

Vivian Våge, einingsleiar kultur og mangfald - Telefon: 926 22 607

Søknadsfrist: 9.september

Søknadsskjema: