Miljøtenesta i Gulen søkjer «Læring i Næring» ungdom!

Lika du å jobbe med menneske, hjelpe andre, og lika aktive daga?
Me søkjer ein positiv, utadvent og kreativ ungdom som kan vere med å bidra til gode dagar for våre tenestemottakarar i Miljøtenesta, Gulen Kommune. 

Er du ein ungdom som likar å hjelpe menneske, likar å være aktiv, og er av den kreative typen? Då er du den me treng. Søk hjå oss då vel!

Miljøtenesta i Gulen Kommune:

Miljøtenesta ligg på Dalsøyra i Gulen Kommune. Me er ei arbeidsgruppe med 30+ faste tilsette. 

Våre tenestemottakarar treng bistand til daglege gjeremål og aktivitetar gjennom dagen. Miljøtenesta består og av eit aktivitetssenter, som fungerar som felles base for daglege aktivitetar som; turar i nærområde/eller utanfor kommunen, symjing, produksjon av tennbrikettar, anna sesongbaserte produkt, sosiale samlingar og anna kjekke aktivitetar/oppgåver. 

Saman med tenestemottakarane hjelper me dei med daglege oppgåver som å handle, husarbeid, kome seg til og frå arbeid/aktivitetar. Me fokuserer på trivsel, sunne vanar og eit godt kvardagsliv, slik at tenestemottakarane våre kan oppnå god kvardagsmestring og livskvalitet.

Arbeidsoppgåver:

Du vil få opplæring og rettleiing frå faste tilsette som er godt kjent i tenesta og med tenestemottakarane. Du vil ta del i daglege aktivitetar/oppgåver saman med tenestemottakarane og dei andre tilsette.

Vi ser etter ein ungdom som er:

  • utadvendt

  • positiv

  • tolmodig

  • likar å samhandle med andre  

  • likar å jobbe sjølvstendig, men og i team saman med andre

Kontaktinfo:

Har du spørsmål, eller vil vite meir?

Ta kontakt med: Einingsleiar Carolyn H. Westervik ved Miljøtenesta, Gulen Kommune - tlf. 94190490

Gulafjordvegen 1519, 5960 Dalsøyra.

Bu- og aktivitetstilbod - Miljøtenesta - Gulen kommune

Søknadsfrist: 9. september 2026

Søknadsskjema: