Me søkjer no etter «Læring i Næring» - ungdomar til basen vår ved Solund Verft!
HAFS Elektro & Rør AS har baser i Gulen, Solund og Hyllestad. Verksemda har i over 40 år levert elektrikar- og røyrleggjartenester til kommunane, private og næringslivet i områda der me har tilhald. Me har i overkant av 40 tilsette, inkludert lærlingar. Verksemda er sjølvsagt godkjend læreverksemd, noko me er særs stolte av.
Arbeidsoppgåver:
Assistera elektrikarane og røyrleggjarane våre med klargjering til og utførelse av arbeid.
Enkelt monteringsarbeid under rettleiing av elektrikar eller røyrleggjar.
Forefallande arbeid saman med elektrikar eller røyrleggjar.
Me søkjer deg som:
Har ordenssans
Likar praktisk arbeid
Kan tenkja deg å læra meir om elektrikar- og/eller rørleggjarfaget
Kva kan du forventa deg?
Arbeid med trivelege og dyktige elektrikarar og røyrleggjarar.
Du får sett deg litt rundt i kommunane me arbeider i.
Varierte dagar der ingen av dagane er heilt like.
Arbeidsstad: Våre folk reiser dit oppdraga er. Du får oppmøtestad i Krakhellevegen 301 ved Solund verft.
For nærare opplysningar, kontakt ein av følgjande: Personal- og KHMS – leiar - Jostein Duesund på telefon 97 66 32 86
Søknadsfrist: 09.09.2025.
Vil du vita meir om oss?
Sjå www.hafs-elektro.no eller sjå artikkelserie på www.framtidsfylket.no!