Vi søker etter ein praktisk anlagt «Læring i næring» ungdom som kan vera med på pakkeavdeling i produksjonen på Hillesvåg Ullvarefabrikk

Informasjon om bedrifta:

Hillesvåg Ullvarefabrikk produserer garn i norsk ull av høg kvalitet. Vår produksjon er på fabrikken i Hillesvåg. Her er vi 20 tilsette fordelt i produksjon, butikk og på kontor. På fabrikken tek vi vare på tradisjonar og produserer garn på maskiner heilt tilbake til 1905. Vi er ein stolt formidlar av gamalt handverk og tilbyr også omvisingar i produksjonen, til grupper. Vi sel garnet til mange norske butikkar, men har også fleire kundar både i Europa og USA. Vi sel også mykje garn gjennom vår eigen nettbutikk - ull.no.

Arbeidsoppgåver:

På fabrikken skal du få gjera ulike arbeidsoppgåver som å laga klar pakkar med garn og oppskrifter, vri og merka garnet, henga opp og ta ned garn til tørking. Vi vil visa deg rund på fabrikken og du vil få eit innblikk i korleis ei tradisjonsrik produksjonsbedrift fungerer, og bli kjent med kor viktig alle ledd i ein produksjon er. 

Arbeidstid vil være frå kl. 08.00 – 15.00. Fabrikken ligg tre minutters gange frå busstoppet, Hillesvåg E39.  

Kven ser vi etter og kva skal til for å passe i jobben: 

Ingen forkunnskaper er nødvendig, men du må væra positivt innstilt og lika praktiske oppgåver. 

Kontaktperson: 

Har du spørsmål eller vil vite meir om Hillesvåg Ullvarefabrikk AS? Kontakt salgs- og logistikkansvarleg Torbjørg Grøttveit - mobil 97178243

Eller besøk oss på www.ull.no/var-produksjon

Søknadsfrist: 9.september

Søknadsskjema: