Vi søkjer serviceinnstilt og påliteleg«Læring i næring»-ungdom. Bli ein del av teamet vårt!
Om bedrifta
YX-House of Burger Eikangervåg er ein lokal bensinstasjon med fokus på drivstoff, butikk og gode matopplevingar. Vi ønskjer å gi kundane meir enn berre eit stopp på vegen – hos oss skal dei møte god service, eit hyggeleg miljø og mat av god kvalitet. Målet vårt er å skape ei god oppleving for alle som besøker oss.
Om jobben
Vi søkjer ein serviceinnstilt og påliteleg medarbeidar til vår bensinstasjon. Stillinga vil bestå av arbeid både på kjøkkenet og i butikk/kasse. Dette er ei spennande og variert stilling for deg som likar å møte menneske og ha ein aktiv arbeidsdag.
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som er positiv, serviceinnstilt og likar å jobbe med menneske. Du trivst i eit hektisk miljø og klarer å halde oversikt også når det er mykje å gjere. Hos oss er samarbeid viktig, så vi ønskjer ein lagspelar som bidreg til eit godt arbeidsmiljø.Du er ansvarsfull, punktleg og tek stoltheit i å gjere ein god jobb – enten det er å lage mat på kjøkkenet, hjelpe kundar i kassa eller sørgje for at butikken er ryddig og innbydande.
Arbeidsoppgåver
Tilbereding av mat på kjøkkenet
Betening av kundar i kassa
Påfylling av varer og vareeksponering
Reinhald og orden på kjøkken og i butikk
Bidra til eit hyggeleg og effektivt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
Eit hyggeleg og inkluderande arbeidsmiljø
Opplæring og oppfølging
Varierte arbeidsoppgåver
Moglegheit for utvikling
Høyrest dette ut som noko for deg?
Då håpar vi å høyre frå deg!
Kontaktperson:
Annika Nesse Strand, mobil: 48 21 79 98.
Søknadsfrist: 9.september