Vi søker «læring i næring ungdom» til meiningsfull jobb i Hundvin Naturbarnehage

Hundvin Naturbarnehage – små forhold, store opplevingar

I Hundvin Naturbarnehage får barna vekse opp midt i naturen – på tre, steinar og i sølepyttar. Hos oss er alle årstider fulle av leik, utforsking og glede. Vi trur på at robuste barn blir til gjennom meistring, vennskap og gode opplevingar ute.

Hundvin Naturbarnehage søkjer ungdom som ønskjer arbeidserfaring i haustferien og/eller vinterferien.

Hos oss får du vere ein del av ein aktiv og spennande barnehagekvardag der naturen er ein viktig del av dagen. Barna er mykje ute i leik, aktivitet og utforsking, og vi legg stor vekt på tryggleik, omsorg og glede. Barnehagen har særleg fokus på leik, samspel, språk og lesing.

Du kan lesa meir om oss her https://hundvinnaturbarnehage.no/

Kven passar jobben for – og kva vil du få vere med på?

Denne jobben passar godt for deg som er nysgjerrig på arbeid i barnehage, likar å vere saman med barn, trivst med aktivitet og uteliv, og har lyst til å lære.

Som ungdom hos oss vil du få vere med på enkle og meiningsfulle oppgåver saman med dei tilsette. Du kan til dømes vere med i leik og aktivitet med barna, hjelpe til i praktiske oppgåver i kvardagen, bidra i førebuing av aktivitetar og vere ein god rollemodell for vennskap, inkludering og omsyn. Du vil ikkje stå åleine med ansvar.

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som er positiv, påliteleg og respektfull, møter presis, tør å ta i eit tak og likar å vere ute i all slags vêr. Du må kunne ta imot rettleiing og bidra til eit godt miljø for både barn og vaksne.

Arbeidsstad

Hundvin Naturbarnehage AS
Hundvinsvegen 5
5956 Vågseidet

Barnehagen ligg på Bruvoll, tett ved riksveg 37, om lag 20 minutt frå Knarvik og 10 minutt frå Lindås. Vi kan så langt det let seg gjere tilpasse arbeidstida til bussamband.

Har du lyst til å søkje?

Kontaktperson:

Charlotte Grimstad
Dagleg leiar
Tlf: 913 45 461

Har du spørsmål, kan du dela dei med Charlotte så gjer ho svar. Vi gler oss til å høyre frå deg!

Søknadsfrist: 9.september 2026.

Søknadsskjema: